Invester i landbruket – møte med Innovasjon Norge

Møteserien Innovasjon Norge hadde i fjor for bønder var så vellukka at det vert nye møte i år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.11.2018

Målgruppaer først og fremst bønder som tenkjer å sende inn ein søknad til Innovasjon Norge til neste år eller seinare, men også landbruksforvaltninga og aktuelle rådgjevarar som lagar planar for bøndene er velkomne.

  • Prioriteringar, korleis vert søknader vurdert og kva er viktig å få fram i søknaden.
  • Søknadsprosessen sett frå ein rådgjevar. Korleis vert ein driftsplan laga og kva legg ein inn.
  • Erfaring frå eit mjølkekufjos som er bygd med finansiering frå Innovasjon Norge.

Etter møtet er det mogleg å få korte møte med rådgjevarane frå Innovasjon Norge.

For å kunne treffe flest mogleg, er det satt opp følgande møteplan:

6. november kl. 19:00-22:00: Suldal Vekst Næringshage, Sand
7. november kl. 12:00-15:00: Formannskapssalen, Ølen
13. november kl. 19:00-22:00: Høiland Gard, Årdal
20. november kl. 19:00-22:00: Landbrukssenteret, Helleland
29: november kl. 12:00-15:00: Veksthusloftet Særheim, Klepp

Frå Innovasjon Norge vil både Aart Magnussen og Olav Tegle vere med på møta.

Påmelding til olav.tegle@innovasjonnorge.no  innan dagen før møtet blir arrangert.

For meir informasjon, sjekk Innovasjon Norge sine heimesider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar