Inspirasjonstur til Hardanger om bygg i tre

Fire bønder frå Haugalandet var i februar på tur til Hardanger for å hente heim meir kunnskap om å bygge i tre. Bruk av tre i bygg er eit effektivt klimatiltak og er positivt i eit bioøkonomisk perspektiv.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.04.2020

Me ser auka interesse for å bygge landbruksbygg i tre. Daniel Breivik, engasjert av Fylkesmannen for å mobilisere for meir bruk av tre, gir her ei reiseskildring frå Hardanger. Me håpar gode eksempel kan inspirere fleire til å satse. 

Reiseskildring frå Daniel Breivik hjå Fylkesmannen

Tysdag 25. februar hadde eg med meg fire bønder på dagstur til Jondal. Alle i målgruppa små- og mellomstore mjølkebruk. Me ville besøke tre bønder som har bygd nye fjøs i tre for å høyre deira erfaringar.

Alle fjøsa er bygd i KL-tre (krysslimt tre /massivtre), og det er det lokale byggjefirmaet Jondal Bygg som har stått for monteringsarbeidet. Jondal Bygg har nytta seg av forskjellige leverandørar av byggjesett, mellom anna Woodcon og XL3-bygg. Felleskjøpet Rogaland Agder har vore leverandør av innandørsmekaniseringa (IMEK) til alle prosjekta.

Kort byggetid

Første stopp på turen var hjå Lars Brattabø som held til i Øvre Krossdalen. Han har det nyaste fjøset av dei me besøkte, og det blei teke i bruk i 2020. Lars kunne fortelje om ein effektiv byggjeprosess. Hjå han gjekk det 20 dagar (!) frå start til slutt med montasje av fjøset etter at grunn- og betongarbeid var ferdig.

Stopp nummer to var hjå Sverre Leo Handegard som held til litt lenger nede i dalen. Dette var det første og minste bygget som vart bygd av prosjekta me besøkte. Sverre Leo har 30 liggjebåsar og 25 fôringsplassar i det nye fjøset, og i dag har han 16 kyr som mjølker kvota på rundt 130 tonn. Sverre Leo var som Lars også veldig fornøgd med sitt nye trefjøs. Han kunne fortelje at veterinærane som hadde vore hjå han var veldig positive til fjøs bygd i tre. Dei peika særleg på at det var lite støy og eit godt inneklima, noko som blei opplevd som veldig behageleg for både folk og fe.

 

Samarbeid om avtaler og innkjøp

Det siste fjøset me besøkte var hjå Helge Arne Espeland. Helge Arne vart ferdig med sitt fjøs rundt seks månadar etter Sverre Leo. Dei to naboane hadde hatt eit godt samarbeid med planlegging av sine nye driftsbygningar. Det resulterte i felles møte med leverandørar og rådgjevarar. Då Helge Arne og Sverre Leo hadde bestemt seg for kva planløysing dei ville ha i sitt nye fjøs, brukte dei ikkje mange møte på bli einige med IMEK- leverandøren. Etter to møte med IMEK-seljaren inngjekk dei ein avtale – snakk om effektive beslutningstakarar! Er du aleine om slike forhandlingar, kan det sikkert vere fornuftig å bruke litt lenger tid før du inngår ein leveringsavtale.

Heller mjølkerobot enn avansert fôringsanlegg

Alle fjøsa hadde same løysing for fôringssystem og mjølking – utfôring med minilastar og robotmjølking. Du må gjere prioriteringar når du skal byggje nytt fjøs, og særleg dersom du skal byggje fjøs for ein små- og/eller mellomstor besetning. Det kan fort bli kostbart å investere i eit avansert utfôringsanlegg og ein mjølkerobot på same tid. For desse bøndene i Jondal, var det meir ønskeleg med ein mjølkerobot enn eit avansert fôringsanlegg. Dersom det i framtida blir ønskeleg med ei oppgradering av fôringssystemet er det fullt mogleg å gjennomføre det på ein fornuftig måte som ikkje treng å koste noko meir enn om ein hadde gjort det når fjøset vart bygd.

Me kan klart oppsummere med at dette var ein inspirerande tur!

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.