Hjelp, bussen kjem!

Grupper er eit spennande segment som krev god logistikk. Foto: Statsforvalteren i Rogaland

Konferanse på Utstein Kloster 7. november om å ta imot grupper og vere det gode vertskapet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.10.2022

Målet med konferansen er å bli betre i vertskapsrolla, synleggjere kva medlemmane kan tilby til ulike turoperatørar når det gjeld gruppebesøk, samt utveksle erfaringar.

Dato og tid: 7.november frå kl 9:30-17:00
Stad: Utstein Kloster, Mosterøyveien 801, 4156 Mosterøy
Påmelding snarast og innan 28.oktober til eli.undheim@gmail.com

Konferansen er gratis for Hanen Rogaland sine medlemmar, og Hanen Rogaland oppmodar til å stilla med 2 representantar frå bedrifta dersom det er råd (også gratis for nr 2 dersom han/ho deltek i drifta).  

Velkomen til deg som ikkje er medlem! Konferanseavgifta for ikkje-medlemmar er 1200 kroner pluss mva, eller bli medlem og delta gratis.

Program

09.30: Frammøte og registrering
10.00: Velkomen
10.15: «Det gode vertskap» av Eli Laupstad, Sogndalstrand Kulturhotell
10.35: «Kva vil gjestane ha?» Samtale med Koll Kyllingstad, Hagabuss
10.50: Me går til gardsutsalet på Klostergarden
10.55: Inger Lise Aarrestad Rettedal viser oss rundt og fortel om sine erfaringar med gruppebesøk
11.35: Siri Rasmussen Lea frå Ystepikene fortel om ysteriet og deira erfaringar med å ta imot grupper
12.00: Lunsj og tid til drøs
13.00: Korte innlegg av representantar frå Fylkeskommunen, Hanen og Statsforvaltaren
13.15: Økonomi i det å ta imot grupper, ved SKAPE. SKAPE er eit tilbod for etablerarar i Rogaland.
Kva må me tenkje på? Me set opp eit konkret budsjett og lagar ein mal som kan bli brukt av deltakarane etterpå
14.00: «Hjelp! Bussen kjem!» Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylke Livsgnist
15.00: Kaffi-pause med litt å bite i
15.30: Utarbeiding av skjema som skal visa kva bedriftene i Hanen Rogaland kan tilby. Innleiing, gruppearbeid og oppsummering
16.30: Vegen vidare. Kva destinasjonar og reiseselskap tar me kontakt med?
17.00: Oppsummering og takk for i dag

For dei som treng overnatting, kan Utstein Kloster Hotell tilby enkeltrom til kr 1395 og dobbeltrom til kr 1695. Bestill på post@utsteinklosterhotell.no og oppgi Hanen Rogaland for desse prisane. 


Arrangør: Hanen Rogaland. Arrangementet har fått støtte frå Rogaland fylkeskommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.