Har du lyst å oppleve Bergen Matfestival?

Er du matinteressert, kokk eller produsent? Da kan Matfestivalen vere den rette plassen for å komme i kontakt med andre, smake på produkt og lære om lokalmat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.08.2018

Bergen Matfestival har fokus på lokalmat og ekte råvarer av høg kvalitet der produsentane sjølve står for sal av eigne produkt, spreier ekte matglede, kunnskap og inspirasjon, samt gir publikum Vestlandets beste matoppleving.

Fleire utstillarar enn nokon gong!  På Bergenhus festning blir det marknad der over 130 lokalmatprodusentar frå heile Vestlandet sel sine produkt. Her finn du Noregs lengste ostebord, og siderprodusentane har fått sitt eiget sidertelt. Det er mange matkurs å velje i, og representantar frå fem Unesco Gastronomibyer deltar. Er du matinteressert, kokk eller produsent? Da kan Matfestivalen vere den rette plassen for å komme i kontakt med andre, smake på produkt og lære om lokalmat.

Program fredag 31.8.-laurdag 1.9.  Fredag 31.8. Offisiell opning av Festivalen kl 13, stenger kl 19. Vel blant mange gratis kurs, slår følgje med turleiaren eller gå på eiga hand. Unesco Gastronomiby-middag i restaurant-teltet.    Laurdag 1.9. Festivalen er open frå kl 10-19. Vel blant mange gratis kurs, slår følgje med turleiaren eller gå på eiga hand.

Heimreise i løpet av laurdagen eller blir til sundag! Festivalen er ope sundag frå kl 10-17. Les meir på www.matfest.no eller facebook Bergen Matfestival 2018.

 

Dette må du gjere 

Det er mange utstillarar som overnattar på Thon Hotel Orion. Det er nå stengt for nettbestilling, og det kan være helt fullbooka. Ta en telefon til hotellet eller bestill rom i eit av de mange hotell i Bergen.

Påmelding innan 13.august til Fylkesmannen i Rogaland ved Annabell Pfluger på fmroapf@fylkesmannen.no eller 5156 8971 for å sikre deg Unesco Gastronomiby-middag med mat frå seks land servert på langbord på Festivalen fredag kveld. Middagen kostar kr 590 (drikke kjem i tillegg) og inkluderer billett til Festivalen for alle dagar.     

Vi skal samlast rett før den offisielle opninga fredag 31.8. kl 13. Stad og klokkeslett kjem. Du ordnar sjølv reisa til og frå Bergen.

                                                                                                                      

Med atterhald om endringar!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.