Skjerekurs med Stian Espedal

Korleis partere eit lam i gode delar og få mest mogleg ut av lammet med minst mogleg svinn? For å inspirere bønder til å starte med foredling blir det skjerekurs i Hjelmeland 10. mars. Stian Espedal frå Nortura vil rettleie deltakarane i dele opp lam på ein best mogleg måte

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2018

Mat og reiseliv er satsingar i Rogaland, og fleire lokalmatprodusentar er ønskeleg. Difor blir det no arrangert eit skjerekurs med Stian Espedal. Espedal demonstrerer først korleis eit lam skal skjerast opp. Deretter får deltakarane skjere opp sitt lam som dei får ta med seg heim etterpå. Lammet vert delt opp i skankar, sadel, lår, bogsteik, lårsteik med bein, lammecarré, lammerullar og mykje meir.

Tid: Laurdag 10. mars 2018 kl 0930-1400

Stad: Kniv & Gaffel (Sandebygget), Ryfylkevegen 7040, 4130 Hjelmeland

Pris: kr 2500 (inkl. kursavgift, kursmateriell, lunsj og eit oppskjert lam for å ta med heim). Det er mogleg å ta med eige lam, då vert prisen kr 600 pr deltakar.

Bindande påmelding innan 2. mars kl 12:00 til mailto:kari.sand@strand.kommune.no Mobil: 950 31 190

Arrangør: Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke, Strand Sau og Geit og Hjelmeland Sau og Geit

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt Kari Sand

Kari Sand
Kari.Sand@strand.kommune.no
Tlf: 950 31190