Regjeringa vil ha meir norskprodusert frukt, bær og grønsaker

På si ferd til den grønaste delen av Rogaland nytta landbruks- og matminister Jon Georg Dale anledninga til å leggje fram sin bodskap om auka satsing på grønt, og at norske bønder må satse der det er rom for det i marknaden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.05.2018

Kjøt- og mjølkesektoren slit med overproduksjon, og dårlege prisar. Forbruket i Noreg av frukt, bær og grønsaker har auka 24 prosent dei siste 10 åra. Til samanlikning er forbruket i dag dobbelt så høgt som på 1960-talet. Utfordringa er at auken i forbruket er blitt dekt opp av import. Det vart importert potetar og grønsaker for 3,4 milliardar kroner til Noreg i 2017.

Pila peiker oppover

Grøntsektoren (frukt, bær, grønsaker) står for 12 prosent av verdiskapinga i produsentleddet, og er tredje størst etter mjølk og kjøt. Gartnerhallen har estimert at det er grunnlag for å auke verdiskapinga i sektoren med 150 prosent fram mot 2030.

Frå kjøt til grønt

Eit hovudpunkt i årets jordbruksavtale er derfor å stimulere frukt, bær og grøntsektoren. Målprisane for frukt, bær og grønsaker aukar med 3,0 prosent. Arealtilskotet per dekar aukar med 200 kroner for grønsaker, 500 kroner for frukt og 300 kroner for bær. I dette ligg og ei større satsing på forsking, utvikling og rådgjeving. Sektoren skal prioriterast med omsyn til investeringsmidlar. Inntektsauken frå 2018 til 2019 for ein gard med 52 dekar frukt og bær er rekna til å bli kr 42 200 per årsverk.

Tilrådd inntak

Helsedirektoratet tilrår inntak av frukt, bær og grønsaker på 500 gram per dag. Forbruket i Noreg ligg i dag på 360 gram for menn og 390 gram for kvinner.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Dokument