På tide med eit grønt skifte

Klimaendringane skjer raskare enn det forskarane har trudd, derfor treng vi eit grønt skifte, i Noreg som i resten av verda. Det fastslo Alvhild Hedstein, administrerande direktør frå NIBIO under Særheimsdagen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2015

Utviklinga av fossilbrensel skal reduserast i takt med auka satsing innan bioøkonomi. Eit grønt skifte utan at velferda blir svekka, set krav om å avgrense klimaendringane, sikre bærekraftig bruk av ressursane og bevare det biologiske mangfaldet. Noreg er rik på bioressursar, men no skjer det ei dreiing frå olje til dei fire nye ressursgruppene skog, hav, jord og fornybare ressursar som vind/ sol/ vatn. Likevel er våre bioressursar betinga fornybare, i og med at dei ikkje skal bli brukt opp.

- Vi må viske ut skilnaden mellom havbruk og landbruk: «Ren mjølk, frå rent hav». Vi må bli meir sjølvforsynte av protein og treng derfor meir forsking på protein frå tang og algar, seier Alvhild Hedstein.

Avfall kjem til å vere ein av dei største ressursane i framtida. Det blir meir og meir viktig å utnytte kvar einaste vesle ting og bruke ressursane mest mogleg optimalt.

- Vi har grunnleggjande utfordringar med politisk og sosial ustabilitet, urbanisering, endra klima (ekstremvær), mindre jord, mindre vatn og at vi blir fleire folk på kloden. Kampen om ressursane vil bli hardare, meiner Alvhild Hedstein.

I den norske befolkninga er det allereie stadig færre som meiner at vi kan kjøpe maten vår frå utlandet framfør å produsere den sjølv, og dette er relatert til opplevingar med politisk ustabilitet og dobla råvarepris. I tillegg er det auka forståing for matsikkerhet og betydinga det har for samfunnet.

I løpet av dei siste 60 åra har jorda sin befolkning auka frå 3 milliard til 7 milliardar menneske. Landbruket i Noreg har i same periode dobla arealproduktiviteten og hatt ein stor produktivitetsauke. På grunn av vekst i verda si folkemengde, må det produserast 50% meir mat innan 2030. Afrika er eit kontinent med stort potensial innan bioproduksjon, men urbanisering trugar produksjonen. Kvart år er det 60 millionar menneske på flukt, og det blir stadig fleire klimaflyktningar.

Spørsmålet som tvingar seg fram er; korleis produsere meir mat på mindre areal utan å auke miljøbelastninga?

Løysinga er tredelt i følje Alvhild Hedstein;

- meir kunnskap og teknologisk utvikling

- investering og tilgang til ressursar (til dømes sortsutvikling og kommersalisering)

- politisk vilje og samfunnsmessige forhold

Det betyr mellom anna meir ressursar må brukast til kartlegging, utvikling og testing, betre forvalting av ressursane og til meir innovasjon og kommersalisering. Kontakten må bli tettare mellom næringsliv, forsking og styresmakter og samarbeidet må styrkast.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) meiner at dei skal vere det leiande instituttet i Noreg for det grøne skiftet – Frå fossiløkonomi til bioøkonomi. Instituttet tar mål av seg til å vere internasjonal konkurransedyktig og relevant for regional kunnskaps- og innovasjonsmiljø.

Ho avslutta med Alan Key: «Den beste måten å forutsi framtida på, er å skape den».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.