Mjølk frå distrikta taper terreng

Mjølkeproduksjonen i Rogaland har dei siste åtte åra auka med 3,9 % og ligg no på  291 millionar liter. Trenden har dei siste åra vore ganske klar; mjølka renn til Jæren. Sidan 2008 har produksjon av mjølk på Jæren auka med 7,1 %, og er i dag på heile 190 millionar liter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2016

I same periode er mjølkeproduksjonen redusert i alle dei andre regionane i fylket; Dalane minus 2,0 %, Ryfylke minus 1,6 % og Haugalandet minus 1,0 %. Desse tre regionane leverer til saman 102 millionar liter.  Med andre ord, - Jæren produserer 65 % av all mjølka i Rogaland og distrikta 35 %.

Oppdatert oversikt

Fylkesmannen i Rogaland har nyleg oppdatert oversikta over mjølkekvoter i Rogaland. Kartlegginga av mjølkekvoter viser at det er behov for å prioritere og halde oppe mjølkekvotene i distrikta om vi skal oppfylle regjeringa sitt mål om landbruk over heile landet.

Minst 70 % av investeringsmidlane skal gå til distrikta

Fylkesmannen i Rogaland  utviklar i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge Rogaland (IN) eit oppdragsbrev som IN styrer sine investeringsmidlar etter. Dei siste åra har det vore set krav om at 70 % av investeringsmidlane til tradisjonelt landbruk skal brukast til investeringstiltak i distrikta. Vidareføring av dette kravet er ikkje blitt svekka etter kartlegginga blei gjennomført.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.