Lysefjorden fekk merket for berekraftig reisemål

Forsand kommune og Lysefjorden Utvikling mottok 7.juni merket for berekraftig reisemål frå næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Lysefjorden er det første reisemålet i Rogaland som har fått merket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.06.2018

Å bli merka som eit berekraftig reisemål betyr at destinasjonen over tid skal bli meir berekraftig, ikkje at reisemålet er berekraftig.

Sju reisemål fekk merket

Det var næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (Høyre) som delte ut diplom til dei sju reisemåla, som fekk merket sist torsdag. Dei andre som fekk merket er Femund Engerdal, Idre, Lindesnesregionen, Lillehammer, Lyngefjorden og Sälen. Tidlegare har Trysil, Røros, Vega, Lærdal, Svalbard, Setesdal og Inderøy blitt premiert.

Kva vil merkeordninga berekraftig reisemål seie?

Merkeordninga er eit verktøy for å systematisere arbeidet med berekraft på reisemål der reiselivsnæringa er pådrivar. Det er gjort ei stor kartlegging av reisemålet med tanke på berekraft, gjest-, bedrifts- og innbyggjarundersøkingar er gjort. Merket gjeld berre i tre år. Lysefjorden må vise ei positiv utvikling innan berekraft dei neste tre åra for å bli remerka. Du kan lera meir om berekaftig reisemål og korleis du kan bli det på heimesida til visit norway.

Undersøkingar har vist at 64 prosent av dei spurte vil føretrekke å besøke eit berekraftig reisemål framfor andre reisemål. Dette talet vil truleg auke i åra framover.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Faktaboks

Berekraftig reiseliv tar vare på; 
Natur
Miljø og kultur
Økonomisk lønnsemd
Lokal verdiskaping