Lam frå fjellet skal bli friskare

Bønder i Rogaland melder tidvis om dårleg tilvekst hos på lam etter heimkomst frå fjellet. No leitar forskingsmiljøet etter årsakene og testar ut botemiddel.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2015

Veterinær og forskar Clare Phythian ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) har i haust undersøkt lam frå fem saueflokkar for å vurdere kondisjon og helse hos lam i utvalde flokkar etter sanking. I forskingsprosjektet blir lamma veid og undersøkt for mineralinnhald og parasittar. Analysane av resultata sett opp mot opplysningar om garden og drifta, kunne gi svar på kva for praktiske tilnærmingsmåtar og metodikk ein skal bruke i vidare forsking.

Dårleg tilvekst hos lam etter heimkomst frå fjellet og svekka lønsemd er ofte rapportert av sauebønder i Rogaland. Forskarar ved NMBU veit at mange flokkar i Rogaland har mineralmangel av til dømes kobolt og kopar på heimebeite. Dei veit mindre om mineral- og parasittstatus på fjellbeite, og manglar informasjon og kunnskap om kondisjon, helsetilstand, mineral- og parasittstatus hos lam ved heimkomst frå fjellbeite.

Bonde og eigar av forskingsprosjektet er Samuel Lima Madland frå Gjesdal kommune. Han har lenge vore ivrig etter å finne løysingar på dårleg tilvekst hos lamma, og han har prøvd ut ulike behandlingsformer på lamma sine utan at han veit eksakt kva som fungerer. Han har saman med fem andre bønder og den lokale veterinæren Marit Johanne Apeland gått i bresjen for dette prosjektet. Formålet med prosjektet er å betre dyrehelsa, produksjonen og lønsemda i sauehaldet i Rogaland ved hjelp av forebyggande helsearbeid. Forprosjektet er finansiert av VRI Rogaland, -Verkemidlar for regional forsking og innovasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.