Lam frå Ryfylkeheiane - ei ny merkevare?

Fire bønder frå Hjelmeland ønsker å få registrert lam frå Ryfylkeheiane som ei beskytta geografisk nemning. Målet er å ivareta tradisjonen med utmarksbeite i regionen, samt å få ut ein meirpris for lamma. Saueprodusentar frå heile Ryfylke vert invitert til informasjonsmøte 10. januar 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.10.2016

Lise Vistnes frå Sie Gard i Årdal har saman med Mikal Hetland, Jarle Egeland og Sølve Mikalsen tatt initiativ til å få registrert lam frå Ryfylke som ei beskytta nemning i regi av Matmerk. Nina Wærnes Hegdahl frå Matmerk kjem på møtet og orienterer om merkeordninga «Beskytta betegnelser», og det vil bli gitt mange gode døme på kva som er viktig i samband med dette arbeidet.

Tid: 10. januar 2017 kl. 1900

Stad: Spinneriet, Burmavegen 11, 4130 Hjelmeland

Målgruppe: Saueprodusentar i heile, og omkring, Ryfylke

Inga deltakaravgift, men påmelding
Påmelding innan 3. januar til lise.vistnes@siegard.no – 926 37 179

Skisse til kriterium

Noko av det som er viktig for å få til eit slikt samarbeid er kriterium. Det er laga ei grov skisse som kan nyttast i diskusjonen. For å kunne levere lam frå Ryfylkeheiane må ein etterleve norske lovar, forskrifter og forordningar i høve til sauehald. Det må kunne dokumenterast/skrivast under på at lamma beitar i Ryfylkeheiane i minst åtte veker. Lamma som vert levert skal ha ei slakteklasse O+ eller betre med maksimum 3+ i feitt og lamma skal vere tyngre enn 16 kg. Lamma skal slaktast same haust som dei er på utmarksbeite og skal ikkje ha meir enn 14 dagar sluttfôring på kraftfôr. Deltakarane skal forplikte seg til å levere lam for eit år om gongen, og må kunne melde inn om lag kor mange lam som skal leverast ved starten av året.

Nyttige lenkar:

Matmerk – «beskyttede betegnelser»
Samvirke
Lofotlam

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.