Lag websider på 1-2-3

Mange bedrifter har behov for å ha eigne heimesider. Facebook er for nokre eit alternativ til heimesider, men ofte er det ikkje nok. Bli med på kurs og la verksemda di få ny heimeside. Saman med skape.no vert det måndag 24.oktober og tysdag 25.oktober arrangert eit kurs på Jørpeland for bønder og andre verksemder

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.10.2016

Lag profesjonelle web-sider på 1-2-3

24. og 25.oktober 2016 kl 1750-2100

Kommunestyresalen, Rådhusgata 8, 4100 Jørpeland

Korleis enkelt lage ei heimeside ved hjelp av webnode.

Kveld 1: Praktisk gjennomføring av korleis publiseringsverktyet fungerer.
Kveld 2: Lage eigne websider sjølv. Du vil få råd og rettleiing undervegs.

På dette kurset vil ein gå gjennom korleis ein lagar ei firmaheimeside. Du kan velje mellom hundrevis av gratis sjablongar. Webnode er eit enkelt publiseringsverkty. Du kan lage ei fullt funksjonelt heimeside på eit par minutt. Informasjon om kurset web-sider på 1-2-3 og påmelding.

Kurshaldar er Kathrine Jølle Wathne i samarbeid med Vaardal-Lunde AS. Ho har hatt fleire kurs for oss tidlegare.

Krav til utstyr: Du må ha med eige pc som du kan kople opp mot internett. Vi anbefaler deg at du også har digitale bilete på pc-en din, som du skal bruke på heimesida di. I tillegg bør du ha siste utgåve av Google Chrome før kurset.

I april 2016 hadde vi eit tilsvarande kurs og eit av resultata frå dette kurset finn du hos Ryfylke Transport

Pris: kr 750

Avmelding kan gjerast, men den må vere skriftleg og sendast som epost til skape.no seinast to dagar før kursstart. Påmeldte som ikkje møter vert fakturerte.

Målgruppe: Bønder, bedrifter, nyetablerte og potensielle bedrifter.

Påmelding innan 21.oktober via skape.no

Arrangør: Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke, Lysefjorden Utvikling as og skape.no For meir informasjon: kari.sand@strand.kommune.no  - 950 31190

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.