Kvar skal eg leige jord?

Kvar går terskelen for lønsam drift av leigejord? NIBIO har i sin rapport om kjørekostnadar i mjølkeproduksjon sett på korleis kostnadsnivået utviklar seg med ulike leigeprisar og kjøreavstandar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2015

Tabellen viser totalkostnaden for ein bonde på Klepp som bruker 50 dekar leigejord. Kostnadane varierer etter avstand frå driftssenteret, og leigepris per dekar.


Vi ser at det kostar 41 748 i året å drive eit areal som ligg 10 km unna med ein leigepris på kr 400 per dekar. Kr 20 000 går til jordleige, og kr 21 748 går til kjøring. I dette tilfelle ser vi at det løner seg for bonden å betale kr 700 dekar for leigejord som ligg 2 til 3 kilometer frå driftssenteret. Alternativt er det meir lønsamt å betale kr 600 per dekar for jord som ligg inntil 5 km unna, eller kr 500 per dekar for jord som ligg inntil 7 km frå driftssenteret.

Desse tala er basert på visse føresetnadar, men det er opplagd at auka kjøring fører til større kostnadar. Bonden må ta  kjørekostnadane med i vurderinga av kvar han skal leige areal. Jordleigepris aleine bør ikkje være avgjerande slik avgjersle.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.