Inspirasjonstur til fruktregionen Sør-Tyrol

11 potensielle, nye og erfarne fruktdyrkarar frå Rogaland reiser til Bolzano i Sør-Tyrol i slutten av november for å få med seg det siste nye innan fruktdyrking. Under messa Interpoma 2016 vert det både fagleg påfyll i form av seminar og besøk hos fruktdyrkarar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.10.2016

Lære av italienerane

Eplemessa i Bolzano 24-26 november 2016 (Interpoma 2016) viser det aller siste innan utstyr til fruktdyrking, i tillegg til seminar og turar ut til fruktdyrkarar og fruktlager. I Sør-Tyrol produserer dei i snitt 6000 kg eple pr dekar. Det er dette deltakarane skal finne meir ut av, lære av italienerane og ta med seg kunnskapen heim. Mellom dei som vert med på turen er det ein heilt ny fruktdyrkar som eigentleg ikkje har bestemt seg for å dyrke frukt enno, to heilt nye fruktdyrkarar som til våren startar med nyplanting, ein neste generasjon fruktdyrkar, ein fersk frukdyrkar og resten etablerte fruktdyrkarar. I tillegg til desse er det med rådgjevarar og fruktdyrkarar frå Hardanger. Ved å delta på slike turar får deltakarane både fagleg påfyll og nettverk.

Fruktsatsing i Rogaland

Fylkesmannen i Rogaland er med å finansiere prosjektet «Frukt i Rogaland» i regi av Rogaland Fruktdyrkarlag for å stimulere til auka fruktproduksjon i fylket. Dette vert gjort ved å arrangere mellom anna fruktsafariar, studieturar og temadagar. Fruktkriteriedokumentet har gjort sitt til at finansieringa av fruktfelt har vorte meir interessant. I år har ein heilt ny fruktdyrkar fått finansiering frå Innovasjon Norge for å plante til 50 dekar med frukt (eple). Tre etablerte fruktprodusentar riv opp dei gamle trea sine og plantar etter tett-plantingsprinsippet som minst gir ei tredobla avling samanlikna med tradisjonell fruktdyrking.

I haust har Innovasjon Norge hatt ein ny søknadsfrist og då kom det inn fire søknader om frukt, ein heilt ny fruktdyrkar og to etablerte fruktprodusentar, i tillegg til ein søknad om eit fruktlager.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.