Heiderspris til ein god kar frå Ryfylke

Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2018 blei i dag delt ut til Lars Bog frå bygda Jøsneset i Hjelmeland kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.03.2018

Bygdeutviklar og eldsjel

78 år unge Lars Bog er ein sann bygdeutviklar, både som eldsjel for si bygd og gjennom sitt arbeid med å utvikle og tilrettelegge for landbruksbaserte næringar. Lars er utdanna lærar og arbeidde som det i 12 år. Deretter arbeidde han som sjåfør, både med buss og gods. Parallelt med dette har han bygd opp ein flott fruktgard med mellom anna pærer av sorten Clara Friis. Det er det, men så er det alt dette andre – som i sum er den viktigaste grunnen for at Lars får prisen.  


Han har gjort mykje for mange og er ein ekte kvardagshelt

Han har gjort så mykje – og betydd så mykje for så mange andre – i bygda, i kommunen, i næringa, for kollegaer. Han gjer ein skilnad, men peikar ikkje på seg sjølv og seier «sjå på meg». Han har i mange år vore ei viktig kraft for bygda Jøsneset. Han er ein god nabohjelpar, og har lagt ned stor innsats med rydding av nye beiteområde og bygging av vegar innover heia.

Den siste tida har han saman med andre brukt mykje tid på nytt konsept for billigare driftsbygningar. Han har i alle år vore med i mange prosjekt for utvikling av utmarka og fruktnæringa. Fagpolitisk har han mange år bak seg i bonde- og småbrukarlaget.

Alltid legg han ned arbeid for andre. Alltid i bakhand. Ein du kan stole på utan store ord eller fakter.

Heiderprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom og eit kunstverk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.