Fruktinspirasjonstur til Sør-Tyrol 15-19 mars 2016

Bli med på studietur til Sør Tyrol og bli fruktdyrkar. Sør-Tyrol ligg langt framme når det gjeld dyrking av frukt. Av einskilde sortar eple får dei 6000 kilo på eit dekar. Tradisjonell fruktdyrking gir i Noreg opp mot 1000 kilo pr dekar. Ved å plante tettare, gjødsle og vatne systematisk kan dei flinkaste fruktprodusentane i Noreg få 4500 kilo pr dekar. Påmeldingsfrist til turen er 31.januar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2016

Det vert satsa på frukt i Rogaland

Dei to siste åra har mange frukthagar blitt fornya etter tett-plantingsprinsippet, dvs at ein plantar tettare, gjødslar og vatnar meir systematisk enn før. I 2015 fekk fem fruktbønder frå Rogaland finansiering frå Innovasjon Norge til å plante frukt på ca 120 dekar. Fylkesmannen i Rogaland har laga eit kriteriedokument der det står noko om kva krav som vert sett til fruktprodusenten. Fruktrådgjevinga i Hardanger hjelper deg med planteplan og kalkylar, medan Kari Sand i Bygdeutvikling i Ryfylke hjelper deg med søknad til Innovasjon Norge om du treng det.

Studietur til Sør-Tyrol 15-19 mars 2016.

Fruktrådgjevinga i Hardanger har laga ein tur for nye og eksisterande fruktdyrkarar. Gardsbesøk, besøk hos fruktlager, besøk på forsøksstasjon, økologisk fruktdyrking og besøk hos ein sprøyteprodusent er noko av det deltakarane vil oppleve. Endre Bjotveit frå Fruktrådgjevinga i Hardanger vil vere reiseleiar. Programmet for turen finn du her

Tid: 15-19 mars 2016 Stad: Sør- Tyrol, Italia – ikkje langt unna Bolzano/Bozen.

Pris: ca kr 10 000 – 11000. Rogaland Fruktdyrkarlag sponsar medlemmane sine med kr 3000 pr deltakar. Begrensa tal på plassar.

Påmeldingsfrist: 31.januar 2016

Påmelding til Rogaland Fruktdyrkarlag ved Øystein T. Kleppa – otkleppa@gmail.com – mobil 907 34 927 – telefon: 5175 2266.

For meir informasjon: kari.sand@strand.kommune.no  - mobil 950 31 190

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.