Forskingsklynga på husdyr ekspanderer og går nye vegar

Eit nytt forskingssenter ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Høyland i Sandnes blei offisielt opna denne veka. Det unike ved senteret er samarbeidet mellom veterinærar og helsepersonell.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.06.2018

Det nye biomedisinske forskingssenteret har fått namnet SEARCH, Sandnes Education And Research Center Høyland. Senteret inneheld operasjonssalar, dyrerom for forsøksdyr og moderne diagnostisk utstyr som skal brukast til utdanning, forsking og innovasjon.

Målet med senteret er å få auka kunnskap om sjukdom, diagnostikk og behandling til nytte for dyr og menneske. Her er det tilrettelagt for kirurgar som kan trene på augekirurgi utført på griseauge. Eit anna døme er kikkhullskirurgi utført på levande gris. Senteret har skapt internasjonal merksemd og har trekt til seg forskingskompetanse frå utlandet. Spesielt hybrid-laben er det knytt store forventningar til der ein skal teste ut nye metodar for diagnostikk og behandling. Framover vil forsking på infeksjonssjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske samt antibiotikaresistens få auka merksemd.

Stavanger universitetssykehus, Universitetet i Stavanger, Norsk luftambulanse og Norges miljø- og biovitenskaplige universitet står bak etableringa av senteret. Dei to lokale landbruksverksemder, Felleskjøpet Rogaland Agder og Fiskå Mølle, er viktige bidragsytarar.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.