Fatland slakteri tar i bruk verdas raskaste pakkeanlegg for kjøtdeig

Landbruks- og matministar Jon Georg Dale opna i dag eit av Noregs største og mest moderne produksjonsanlegg for kjøtvarer hos Fatland i Ølen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.08.2016

Når den nye kjøtdeiglina tas i bruk, kan Fatland pakke opptil 90 tonn kjøtdeig om dagen. Totalt har slakteriet ei slaktemengde på 10 000 tonn og skjeremengde på 18 000 tonn, og er derfor ei verdifull og ruvande verksemd på Haugalandet med sine 300 årsverk.

Ministeren skal og besøke to gardsbruk. Første stopp er hos Jan og Nina Haslemo i Øvre Vats som driv med sau og mjølkegeiter og produksjon av geitost. Haslemo vant gull for sin brune geitost under NM for lokalforedla mjølkeprodukt i 2015.

Neste stopp er hos Marianne og Johannes Vestbø i Sandeid. Dei driv eit kombinasjonsbruk med mjølkekyr, sau, gris og verpehøns.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.