Bønder i Bjerkreim satsar på ammekyr

Tanken om å kombinere mjølk og ammeku vekte stor interesse på eit inspirasjonsmøte i fjor. Nå legg Bjerkreim bondelag breisida til og auser på med teori og gardsbesøk. Ny samling blir arrangert 15. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.02.2018

Mjølkebruka i Bjerkreim er ikkje av dei største og da må bøndene tenke nytt for å styrke totaløkonomien på bruket. Bøndene i Bjerkreim har til samanlikning med Jærbøndene vore forsiktige med å investere i nye fjøs. Dei fleste gardsbruka i Bjerkreim har mellom 15 – 30 mjølkekyr, og dei har ikkje hatt stort nok produksjonsgrunnlag til å investere i moderne lausdriftsfjøs. Dette skuldast fleire forhold, men ein viktig grunn er tilgangen på grovfòrareal/spreieareal og arronderinga som avgrensar produksjonsvolumet.

Styresmaktene har sett krav om at alle båsfjøs må byggast om til lausdriftsfjøs innan 2034. I dei siste ti åra har det vore vanleg å bygge lausdriftsfjøs til 50 – 60 mjølkekyr for å forsvare investeringa i mjølkerobot. Denne utviklinga har vore styrt av landbrukspolitikken som har favorisert store bruk.

Nå ser me at interessa for å ivareta produksjonen på mellomstore bruk i distrikta aukar, og i jordbruksoppgjeret 2017 er det presisert at det skal prioriterast investeringsmidlar til bygging av fjøs tilpassa 15 – 30 mjølkekyr.

Fylkesmannen i Rogaland har bidratt med midlar til Bjerkreim bondelag for å auke interessa for billegare bygningar til ammekyr i kombinasjon med mjølkeproduksjon.

Opplegg for samlinga 15. mars:

Kl 18.30 Oppmøte hos Kåre Fuglestad. Vidare til Thor Arne Steinsland.

Kl 20.00 Møte i verkstaden til Thor Arne Steinsland.

På samlinga stiller Nortura, Tine, Innovasjon Norge og Fjøssystemer.

For meir detaljert informasjon, kontakt eller følg Bjerkreim bondelag på facebook.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.