Bioenergitur til Midtjylland

Nettverksbygging, erfaringsutveksling og samarbeid mellom flisprodusentar og utbyggjarar som nyttar bioenergi frå Rogaland, og danske verksemder i Midt Jylland er tema på ein studietur 17. og 18. desember 2015. Fristen for å melde seg på er allereie fredag 13. november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.11.2015

Flisprodusentar og utbyggjarar som nyttar bioenergi i sine bustadprosjekt er invitert til å vere med på studietur til Midtjylland for å sjå og lære av danskane. Det blir besøk i forskarparken Agro Business Park AS, som mellom anna arbeider med biomasse for å skape kommersielle, samfunnsnyttige og berekraftige løysingar innan bioenergi og miljøteknologi. Det blir også høve til å få siste nytt om bioenergi frå det danske innovasjonsnettverket Ibiom. Dyrking av energiskog som pil og poppel blir også eit tema.

Ein av dei viktigaste delane på denne turen er matchmaking, eller speed date mellom norske og danske verksemder. Ut frå denne seansen bør det komme mange nyttige kontaktar. Mjaaberg Værket i Holterbro, og Aktive Energi Anlæg i Ikast er høgdepunkta på dag 2.

Program

17.desember 2015

  • Velkomst Agro Business Park, Foulum
  • Regler og rammevilkår, finansiering av danske bioenergianlegg – Ibiom
  • Forskning i bioenergi
  • Matchmaking
  • Nettverksmiddag på Golf hotell, Viborg

18.desember 2015

  • Besøk Mjaaberg Værket, Holsterbro
  • Besøk Aktive Energi Anlæg, Ikast
  • Avslutning

Det er sett tak på maksimalt 5 verksemder, og maksimalt 10 deltakarar.

Pris: kr 2500 for flisprodusentar, skogeigarar og bønder, og kr 5450 for utbyggjarar, offentleg tilsette og andre næringsverksemder. I prisen er alle arrangement, bedriftsbesøk og mat torsdag inkludert. Reise og hotell (det er reservert rom på Golf Hotell Viborg) må deltakarane betale sjølv.

Påmeldingsfrist: 13.november 2015 til kari.sand@strand.kommune.no. Mob: 950 31 190.

Alle firma som melder seg på må fylle ut firmaprofilskjema. Dette skal brukast i matchmakinga.

Arrangør: Bygdeutvikling i Ytre Ryfylke, Region Midt Jylland, Herning kommune. Agro Business Park, Inbiom, Synergia og TKEskeland.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.