2020 også eit år for bygging av fjøs for 15–30 mjølkekyr!

Rogaland er tildelt 41 millionar kroner i investeringsmidlar for landbruket. Størsteparten av midlane vil gå til mjølkesektoren som har eit omfattande fornyingsbehov.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.02.2020

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har i oppdragsbrev til Innovasjon Noreg datert 31.01.2020 gitt overordna føringar for bruk av midlane. Etter regionreforma er det frå 2020 Rogaland fylkeskommune, som i dialog med partnarskapet i landbruket, formidlar strategiske føringar for bruken av midlane.

Rogaland fylkeskommune har nå send oppdragsbrev om strategisk bruk av bedriftsretta investeringsmidlar (IBU) i landbruket til Innovasjon Norge Rogaland.

Mjølkefjøs med 15-30 kyr har framleis klar prioritet

Også for 2020 er det framheva at vi vil prioritere fornying av mjølkefjøs med 15-30 kyr, i tråd med klare nasjonale føringar. Som døme er det vist til at Vindafjord, Bjerkreim og Suldal har ekstra behov for fornying av fjøs. Eit viktig vurderingstema er bruk av eige beite.

Storfekjøt ikkje prioritert

Prognosar viser framleis lite opning i marknaden for auke i storfekjøt, og partnarskapet har difor kome til at det heller ikkje for 2020 skal løyvast tilskot til nye ammekufjøs.

Ekstra midlar til investeringar i grøntsektor

I brevet er det vist til dei nasjonale midlane på 65 millionar kr til grøntsektoren, og 9 millionar til småskala grøntproduksjon. Her bør Rogaland ta ein god del av potten, samstundes må det arbeidast aktivt med å få auka etterspurnad i marknaden.

Miljø og klima framleis i fokus

Det er i 2019 gitt auka merksemd på miljø og klima i prioriteringa, eksempelvis støtte til resirkuleringsanlegg i veksthus, og til plansilo.

Inntil 400 000 kr ekstra for bygg i tre

Prosjekt med energi- og klimaeffektive løysingar skal ha prioritet, og her vil vi særleg framheve bruk av tre som byggemateriale. Nå kan du få inntil 400 000 kr ekstra til bygg i tre. Det er fleire gode grunnar til å bygge i tre. For 2020 er det opna opp for støtte til sauefjøs i distrikta, under føresetnad av at det blir bygd i trekonstruksjon.

Prioritering av landbruksbaserte tilleggsnæringar

Det er framleis eit mål om å støtte landbruksbaserte tilleggsnæringar, også ut over føremåla mat og reiseliv.

Brev frå LMD og oppdragsbrev frå fylkeskommunen er vedlagt.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.