Vil du jobbe med berekraftig jordbruk – bli med på laget!

Vi er ute etter ein som kan jordbruksfaget, og som er opptatt av miljø. Nysgjerrig? Sjekk ut stillingsannonsa vår! Vi søker etter relevant kompetanse om jordkultur og ressursforvalting, samstundes er det viktig kven du er som person. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.05.2022

Matproduksjon er meir enn nokon gang på dagsorden, det same gjeld klima og naturmangfald. Vil du arbeide for eit berekraftig jordbruk og auka verdiskaping i jordbruksnæringa? Vi har ledig ei fast stilling på landbruksavdelinga. Sjå for all del på stillingsannonsa! Vi har god erfaring med å tilsette nyutdanna.

Jorda ein viktig ressurs

Rogaland er eit særs aktivt jordbruksfylke, med stor konkurranse om areala. Dette gir stor merksemd knyta til bruk og vern av areal, også knyta til nydyrking og drift av jordbruksjord. Vi har i oppgåve å finne gode løysingar i balansen mellom nasjonal politikk og lokale interesser, i god dialog med jordbruksnæringa. Vi har eit lovverk å forvalte, men like viktig er det å formidle kvifor vi må ta vare på naturmangfaldet og samstundes sikre bonden grunnlag for matproduksjon. Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver i dialog med kommunar. Vi er om lag 25 tilsette i avdelinga, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode.

Ta kontakt

Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Geir Skadberg eller ass. landbruksdirektør Anfinn Rosnes.

Vi snakkast!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.