Tilsynskampanje i Stavanger – handtering av hestegjødsel

Stavanger kommune fører i desse dagar tilsyn med handtering og bruk av hestegjødsel. Hestegjødsel skal ikkje dumpast i ei skråning, men brukast som den ressursen den er.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.08.2022

Ein hest legg dagleg i frå seg om lag 25 kg gjødsel. Det blir om lag 9 tonn på eit år, ein vesentleg mengde som må handterast på ein fornuftig måte. Bruk og lagring av husdyrgjødsel er omfatta av forskrift om organisk gjødsel, og kommunen er tilsynsmyndigheit. Medan bønder som søkjer produksjonstilskot i jordbruket er vane med jamlege kontrollar, er det klart meir sjeldant med systematiske tilsyn av ridesenter og andre anlegg med hest. 

Besøker anlegg med hest

Folk med hestehald i Stavanger har fått informasjon om tilsynskampanjen, og kan vente seg besøk frå kommunen. Under tilsynet ser kommunen på korleis gjødsla er lagra, og korleis den er planlagt brukt eller levert bort. Målet med kampanjen er å informere om reglane, og å hindre uønska lagring og bruk. Feil bruk eller lagring kan føre til forureining av nærligande vassdrag. 

Krav til lagring og bruk

Hestegjødsel er normalt så tørr at den kan lagrast direkte på bakken så framt det ikkje gir fare for forureining. Lagringsplassen skal vere slik at det er enkelt å handtere gjødsla, og gjødsla skal fjernast regelmessig. Lagringsplassen skal skjermast mot overflatevatn, og kommunen kan kreve skjerming mot nedbør. Lagringsplassen må ikkje vere utsett for flaum, eller ligge så nært vassdrag, brønn eller andre vassforsyningsanlegg at det gir fare for forureining.

Ein hest krev minimum to dekar spreieareal for husdyrgjødsel. Den som ikkje har eigne jordbruksareal, kan levere gjødsla til godkjend anlegg, eller til andre som har tilgjengeleg spreieareal. Leveransar og mottak av gjødsel skal vere skriftleg dokumentert, og det skal normalt foreligge ein avtale som gjelder for minst fem år. Bruken av hestegjødsel på jordbruksareal skal gå fram av ein gjødslingsplan jf. forskrift om gjødslingsplanlegging. 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.