Søk om tilskot til drenering

Planlegg du eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra? Dreneringstilskotet ligg no på omlag 2000 kr per dekar eller kr. 30,- pr. meter avskjæringsgrøft.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.07.2018

Mykje regn gjer ugunstige forhold

Vekstsesongen 2017 har hatt mykje regn og gjer svært ugunstige hausteforhold for bonden. Ein intensivering av arbeidet med dreneringstiltak er eit av fleire heilt naudsynte tiltak for å betre driftsforholda i åra framover. Andre fordelar med ei godt drenert fulldyrka jord er god utnytting av tilført næring, betre plantevekst, redusert jordpakking og avrenning, redusert klimagassutslepp og betre utnytting av vekstsesongen.

Etter at tilskotet til drenering fekk auka satsar sommaren 2017 har søkinga på dreneringstilskot auka. Fylkesmannen har for fyste gang søkt Landbruksdirektoratet om ein ekstra tildeling av dreneringsmidlar.

Planlegg du eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra?

Da kan du bruka søknadsskjemaet utarbeida av Landbruksdirektoratet. Hugs å legg ved kart, plan for dreneringa, miljødokumentasjon og send søknaden til landbrukskontoret i kommunen der arealet som skal drenerast ligg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar