Ønskjer fleire lokk på gjødsellagera

Tak over gjødsellager.
Tak over gjødsellager. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Bønder skal motiverast til å investere i permanent dekke/tak over eksisterande gjødsellager, noko som vil gi redusert utslepp av klimagassar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2024

Prosjektet "SMIL til lokk på skiten 2025" inngår i Rogaland si satsing om å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket.

Bakgrunn

Noreg har forplikta seg til å redusere utslepp av klimagassar med minst 55 prosent i 2030 målt mot nivået i 1990. 2023 var året med lågast utslepp av klimagassar frå jordbruket sidan 1990 og utgjorde 9,6 prosent av Noreg sitt totale utslepp. Utslepp av metan og lystgass frå norske gjødsellager i 2022 var 560 000 tonn CO2-ekvivalentar. Eit potensial for ytterlegare reduksjon kan nås med dekke over gjødsellagera.   

SMIL-tilskot til permanent dekke over gjødsellager

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) er eingongstilskotet for frivillige miljøtiltak på gardsnivå. Tiltak for å redusere utslepp av klimagassar frå jordbruket kan vere innanfor SMIL-ordninga. Berre nokre få bønder i Rogaland har dei seinare åra søkt og fått løyvd SMIL-midlar til permanent tak/dekke over eksisterande gjødsellager.

Føresetnader for å få løyvd SMIL-tilskot

SMIL-tilskot gjeld for frivillige miljøtiltak det ikkje er krav om i gjeldande regelverk. I dagens regelverk og i forslag om ny gjødselbrukforskrift er kravet minst 8 månadar lagerkapasitet på husdyrgjødsel. Ved å setja krav om 10 månadar lagerkapasitet, kan SMIL-tilskot vere relevant å nytte til permanent dekke/tak over gjødsellager.

SMIL-tilskotet gjeld ikkje for nybygg. Innovasjon Norge kan gi støtte til nye gjødsellager med tilhøyrande permanent dekke/tak. SMIL kan løyvast til permanent dekke over gjødsellager som har vore nytta i minst 5 år.

Eit flytande dekke som til dømes halm, bark, torv, flyteduk og plastelement er ikkje permanente løysingar som kan delfinansierast gjennom SMIL-ordninga.

Tilrådd SMIL-tilskot til permanent dekke på eksisterande gjødsellager

I prosjektet «SMIL til lokk på skiten 2025» tilrår Statsforvaltaren ein kommunal SMIL-sats på inntil 40 prosent av berekna kostnadar avgrensa til maks 200 000 kroner per søkjar. Blir det god oppslutning om prosjektet i 2025, er Statsforvaltaren open for å tilrå same satsar i 2026.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.