God oppslutnad om prosjektet «Piggfrie gardsbruk 2021»

Piggtråd er rydda på Sjernarøy.
Piggtråd er rydda på Sjernarøy. Foto: Karen Beate Grimstad.

148 aktive bønder i Rogaland tek vekk piggtrådgjerde tilsvarande køyreavstanden frå Stavanger til Kristiansand (230 kilometer). Mykje av piggtrådgjerda blir erstatta med piggfri gjerde. Kommunane løyvde 2,8 millionar i SMIL-midlar til denne miljødugnaden i 2021

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2021

Bakgrunnen for prosjektet

Omsyn til dyrevelferd (husdyr og vilt), betre tryggleik for turgåarar og å fjerne skjemmande piggtråd ligg til grunn for prosjektet «Piggfrie gardsbruk 2021». Etter § 15 i dyrevelferdslova blei det frå 01.01.2010 eit generelt forbod mot å nytte piggtrådgjerde for å regulere dyreferdsel (husdyr, vilt og kjæledyr). Piggtrådgjerde sett opp før 01.01.2010 fekk stå. Mykje piggtråd er likevel sett opp etter 2010 då mange ikkje var merksame på forbodet mot piggtråd, og  at piggtråd var framleis tilgjengeleg hjå forhandlarar.

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Bøndene fekk søkje på SMIL-midlar for å dekke noko av kostnadane med å fjerne gamal piggtråd som låg rundt om, og frå ståande gjerder. Kommunane var samde om ein lik og høg sats på SMIL-tilskot til fjerning av piggtråd. Dette sikra lik behandling av SMIL-søknadar på tvers av kommunane. Den høge satsen blei avgrensa til berre å gjelde for 2021. I tilskotssatsen blei det teke høgde for innkjøp og arbeid med å erstatte piggtråden med piggfri gjerdetråd. Forvaltninga opna for at det i 2021 ikkje skulle skiljast mellom piggtråd sett før og etter 2010 (i strid med regelverket). SMIL-tilskotet fell likevel bort ved eventuelle pålegg om å fjerne ulovleg oppsett piggtråd.

Mange aktørar i tilknyting til landbruket involvert

Faglag i landbruket, kommunane i Rogaland og Statsforvaltaren gjekk saman om å informere bøndene om prosjektet «Piggfrie gardsbruk 2021». Attvinningsstasjonar i Rogaland betalte marknadspris og ga ut kvitteringar for innlevert piggtråd. Framvising av kvitteringa og samt SMIL-vedtaket ga bøndene 10% rabatt på kjøp av piggfritt gjerdealternativ på Coop-butikkar i Rogaland og hjå Felleskjøpet Rogaland Agder.

God oppslutnad

148 aktive bønder fekk løyvd 2,8 millionar i SMIL-midlar til fjerning av totalt 230 kilometer med ståande piggtråd (1,6 km pr søkjar). Løyvingane utgjorde 24% av dei totale SMIL-løyvingane i Rogaland for 2021.

 

Fordeling av SMIL-midlar i 2021 til fjerning av piggtråd i ulike regionar i Rogland.
Fordeling av SMIL-midlar i 2021 til fjerning av piggtråd i ulike regionar i Rogland.

Statsforvaltaren er særs nøgd med oppslutninga rundt «Piggfrie gardsbruk 2021». Kommunane Hå, Vindafjord, Tysvær, Stavanger og Sandnes hadde flest søkjarar. Reduserte mengder piggtråd på gardar og i kulturlandskapet er til gunst for heile samfunnet. Faren for skader på husdyr, vilt og turgåarar er minska. Reduksjon av ureining frå gamal piggtråd som ligg rundt om på gardsbruk gir òg miljøgevinst.

Fjerning av piggtråd er innanfor SMIL-ordninga. Frå 2022 kan SMIL-satsen for fjerning bli noko redusert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.