Anslår konsekvensane av auka spreiearealkrav

NIBIO har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet vurdert konsekvensane av ei eventuell innstramming av gjødselvareregelverket. Etablering av biogass blir peika på som aktuell løysing, og NIBIO vurderer dei samfunnsøkonomiske kostnadane til å ligge mellom 7 587 – 12 814 millionar kroner. Kor stor effekt auka spreiearealkrav har for vassmiljø er usikkert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.03.2021

Oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet

Revisjonen av forskrift om organisk gjødsel har gått føre i mange år. I 2018 leverte Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet forslag til nytt regelverk

Siste nytt er at Landbruks- og matdepartementet har fått vurdert ei rekke problemstillingar i forslaga, mellom anna:

  • Kor mange føretak blir råka og kor mykje gjødsel må handterast annleis ved innstramming av spreieareal/fosfortak per dekar
  • Kva aktuelle løysningar er det for overskot av gjødsel?

Ny rapport

I rapporten «Samfunnsøkonomisk effektiv håndtering av økt gjødseloverskudd» vurderer NIBIO at 891 føretak i Rogaland kjem til å mangle spreieareal ved krav om 5 dekar spreieareal per gjødseldyreining (forslag frå Landbruksdirektoratet), medan 1382 føretak vil mangle spreieareal med forslaget frå Miljødirektoratet om maksimalt 2,1 kg fosfor per dekar. Til samanlikning fekk 4050 føretak i Rogaland produksjonstilskot i 2020. Det vil seie at mellom 22–34 prosent av jordbruksføretaka i Rogaland kan kome til å mangle spreieareal.

Rapporten slår nok ein gang fast at Rogaland er fylket der konsekvensane av nytt regelverk blir størst. Om lag 30 prosent av føretaka som blir råka av nytt regelverk er lokalisert i Rogaland. Det samla fosforoverskotet i Rogaland blir med forslaget frå Miljødirektoratet estimert til 1700 tonn fosfor, noko som svarer til nær 1,9 millionar tonn blautgjødsel, eller 280 000 tonn målt i tørrstoff. Med landbruksdirektoratet sitt strengaste forslag om maksimalt 2,5 kg P per dekar blir overskotet drøyt 1,5 millionar tonn blautgjødsel.

Biogass – aktuelt for Rogaland

NIBIO sin analyse viser at biogass ikkje er privatøkonomisk lønnsamt utan at staten går inn med tilskot, eller at det alternativt blir lagt betydelege avgifter på innlevert biomasse. Biogassproduksjon bidreg ikkje til å redusere næringa sine kostnader ved å handtere overskot av fosfor. Tørrfraksjonen av biorest er vurdert til å ha ein negativ verdi på 800 kr per tonn, med eit tørrstoffinnhald på minst 25 prosent. Betraktningane omkring biogass er bygd på ein rekke føresetnader, og vi anbefaler å lese rapporten kapittel 4.3. Oppsummert vurderer NIBIO dei samfunnsøkonomiske verknadane av biogassløysinga til å vere minus 12 814 millionar kroner for forslag frå Miljødirektoratet og minus 7587 millionar kroner for mildaste forslag frå Landbruksdirektoratet.

Usikker effekt på vassmiljø

Implementering av vanndirektivet i Noreg var i sin tid ein av drivarane til revisjon av gjødselvareregelverket. Tap av fosfor frå jordbruksareal er påverka av m.a. spreiemengde, klimatiske tilhøve under og rett etter spreiing, avstand frå vatn, jordsmonn og avlingsnivå. Tapet er også påverka av fosforinnhaldet i jorda og kapasiteten jorda har til å binde fosfor. Samanhengen mellom spreiemengde og avrenning frå jordsmonnet er i følgje NIBIO berre indirekte. NIBIO meiner det ikkje er mogleg å kvantifisere avrenningseffekten av redusert mengde husdyrgjødsel. Dei meiner òg det er vanskeleg å verdsette miljøeffekten i kroner.

Kvar går vegen?

Statsforvaltaren i Rogaland har gjentatte gonger spelt inn behov for snarleg avklaring av regelverket. Vi innser samstundes at konfliktfylte avklaringar tek tid.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.