Ystepikene fekk årets BU-pris

Foto: Annabell Pfluger

Det bør vel ikkje kome som ei stor overrasking at BU-prisen for Rogaland i år gjekk til Ystepikene. Ei bedrift som starta i 2019 og som raskt har markert seg med god vekst og mykje bra omtale.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2022

I Norge er det snart 150 lokale mjølkeforedlarar. Også i Rogaland ser vi eit aukande tal, men dersom vi ser 5 – 6 år tilbake i tid, var det vel få som såg føre seg at det også i region Jæren skulle bli fart i lokale ystekar.

Ystepikene er eit godt døme på dette. Ein godt planlagt oppstart med vilje til vekst dei komande åra har gjort at Ystepikene i dag produserer om lag 16 tonn ost i året. Ostane deira finn du i 277 butikkar i Norge. Og mykje sal skjer også frå gardsbutikken på Varhaug. Gardsbutikken er i seg sjølv meir enn «berre» ein ostebutikk; her finn du mykje anna godt frå andre produsentar. Og butikken ligg på ein fin stad med god utsikt og mykje himmel.

No satser vi på at Ystepikene også kan vinna den nasjonale BU-prisen. Meir omtale finn du hjå Innovasjon Norge. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.