To store bondemøte på same dag

Invitasjon til Stormøte på Varhaug
Invitasjon Stormøte på Varhaug

Det er ein sterk tradisjon at siste måndagen i januar samlast bøndene på det velkjende Varhaug-møtet, og i dei siste åra har ein tilsvarande samling funne stad på Haugalandet.

Publisert 15.01.2024

Konferansen på Haugalandet skjer på dagtid og Varhaug-møtet på kveldstid. Landbruks- og matminister Geir Pollestad og Bjørn Gimming frå Norges bondelag deltar på begge arrangementa.

Haugalandet

Etne kommune inviterer til Landbrukskonferansen 2024 den 29. januar kl 0900 – 1500 på Skakkesenteret i Etne.

Tema for konferansen er «Min gard sine ressursar» og «Bonden si framtid». Det blir landbruksfaglege og kulturelle innslag, mingling, lokalproduserte smaksprøvar og stands med lokale verksemder.

I tillegg til Pollestad og Gimming vil Tor Jacob Solberg frå Norsk bonde og- småbrukarlag, Terje Wester frå Kjøttbransjens Landsforbund, Reinert Horneland frå Fatland, Anders Nordstad, og representantar frå Norsk landbruksrådgiving og Rekoringen ha innlegg.

Skakkekokken leverer lokalprodusert mat.

Pris 250 kroner per person.

Påmelding innan 22. januar.

Hovudarrangørar er Etne Kommune, Vestland fylkeskommune, Sparebanken Vest og Haugesund Sparebank.

 

Stormøte på Varhaug

Møtet finn stad 29. januar kl 19.00 til 22.00 i Varhaug idrettshall.

Er det lys i tunellen? Tema er korleis sikre økonomisk berekraft for norske bønder og korleis utforme ein robust og langsiktig landbrukspolitikk som handterer nye teknologiske utfordringar.

Innlegg ved Landbruks- og matminister Geir Pollestad, sjefsøkonom Kyrre Knudsen frå Sparebank 1 SR-bank, Ola Hedstein frå Rethink Food og Bjørn Gimming frå Norges Bondelag. 

Arrangørar er Sparebank 1 SR-bank, Hå kommune og dei lokale bondelaga i Hå.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.