Ostelandet Norge - lær meir om norsk ost

Osten Rabben frå Ryfylke gardsysteri
Osten Rabben frå Ryfylke gardsysteri Foto: Hilde Hauge.

I løpet av dei siste 10 – 20 åra har det vore ein formidabel vekst i ysteri og ysteprodukt her til lands. Nå er informasjonen om dei samla på ein nettstad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.09.2021

Ostelandet Norge blei nyleg lansert. Inne på nettstaden kan du lese om ulike typar ost, historiar, smak av ost, og tips om lagring og servering av ost.

Kor finn eg ostane?

Nettstaden skal gje mest mogleg oversikt over norske osteprodusentar og produkta dei tilbyr, og kor du kan få tak i desse. Eit eige Norgeskart syner kor ysteria ligg, og kor du kan finne gardsutsal og butikkar med særskilt godt utval av norske ostar.  

Nettstaden er utvikla av Hanen i nært samarbeid med Norsk Gardsost, og med støtte frå Innovasjon Norge.

Betydeleg vekst i Rogaland

Her i Rogaland var det pioneren Hans Voll som gjekk opp løypa og etablerte Voll ysteri i 2001. Etter han har Haugaland meieri, Haslemo ysteri, Hogganvik landsby, Stavanger ysteri, Bo Jensens ysteri og Ystepikene vist at dei har særs gode produkt til osteglade folk.

I løpet av det siste året har tre nye ysteri kome til, og dei er Ryfylke gardsysteri, Veshovda ysteri og Krogedal gårdsdrift.

Me vil og nemne dei nye meieria Hole gardsutslag og Skårland gard som sel mjølk og yoghurt. Iskremgarden er velkjend og har produsert is i mange år.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.