Landbrukets heiderspris tildelt Ken Rune Birkeland

Biletet viser sauebonde Ken Rune Birkeland i fjøset på heimgarden på Helleland i Eigersund.
Sauebonde Ken Rune Birkeland blei i dag tildelt heidersprisen for 2023. Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

Ken Rune Birkeland fekk i dag landbruket i Rogaland sin heiderspris. Birkeland driv med sau, men er kanskje best kjent som dagleg leiar i Dalane Innkjøpslag. Han får prisen for si viktige rolle for landbruket i Dalane, og for å vere ein god yrkesbror.

Publisert 04.03.2024

Prisen blei delt ut under Landbrukskonferansen 2024 av landbruksdirektør Monica Dahlmo. Artikkelen held fram under videoen. 

Ken Rune Birkeland er meir opptatt av sau enn av traktorar. Han overtok garden i ung alder og peikte seg tidleg ut med høg kunnskap om sau og avl. Han blei «headhunta» til Dalane Innkjøpslag for over 20 år sidan, og er ein kjent person i landbruksmiljøet.

Han betyr mykje for landbruksmiljøet i Dalane

– Ken Rune Birkeland er ein verdig kandidat til Landbrukets heiderspris. Han betyr mykje for landbruksmiljøet i Dalane, sauemiljøet spesielt, og han driv ei hjørnesteinsbedrift – av dei få landbruksrelaterte som Dalane har igjen. Han blir omtalt som ein som ordnar opp i alt, stiller opp uansett, hjelper medkollegaer, han er ekstremt kundevenleg og ein flink bonde. Sitat frå nominasjonen.

Vi gratulerer Ken Rune Birkeland med prisen!

Om Heidersprisen

Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.

Ved vurdering av kandidatane blir det lagt vekt på kriteria nedanfor:

  • har profilert landbruket på ein positiv måte mot resten av samfunnet
  • har fremma positive idear for vidareutvikling av bygdene i Rogaland
  • har vore ei drivkraft i utvikling av ei levedyktig bygd og/eller eit grannelag
  • er eit føredøme i arbeidet for vidareutvikling av kulturlandskapet
  • har profilert og i praksis gjennomført jordbruksdrifta si med høg miljøstandard, og har hatt fokus på etikk i fjøs og/eller gris-/fjørfehus
  • har hjelpt ein yrkesbror eller syster gjennom ein vanskeleg periode
  • har utvikla nye produkt eller tenester som kan gjere landbruket meir robust
  • Heidersprisen består av Rogaland landbruksselskap sitt diplom og eit kunstverk.
  • Både enkeltpersonar og organisasjonar kan kome med framlegg til kandidatar.

 

Sjølve prisen

Heidersprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom laga av Rita Aase Austvoll og eit kunstverk laga av Lise Birkeland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar