Kor sårbar er matsikkerheita vår – eigentleg?

Storfe på beite
Storfe på beite Foto: Helene Medhus Skedsmo.

Kva skjer med matsikkerheita når klimaet endrar seg – og kva betyr det for Rogaland? På landbrukskonferansen nyleg la Bob van Oort, seniorforskar frå CICERO, fram nye oversikter som viser at utfordringane er i ferd med å bli både tydelegare og nærare.

 

Publisert 18.03.2026

Matsikkerheit handlar om at vi har stabil tilgang til mat: At det finst nok mat, at vi får tak i maten, at kvaliteten er god – og at alt dette er stabilt over tid. Nettopp stabiliteten er under press. Når kriser oppstår, blir det raskt usikkert – både globalt og her heime.

Klimaendringar – treige, men sikre

Van Oort peikar på at klimaendringar verkar langsamt, men med store og varige konsekvensar. Stabilt vêr og stabile produksjonsforhold har alltid vore fundamentet for jordbruket. Når grunnmuren endrar seg, endrar òg rammevilkåra for matproduksjon seg.

Raskare oppvarming på Vestlandet enn verda elles?

Statistikken viser at oppvarminga langs vestkysten av Noreg går raskare enn det globale snittet. På sikt kan vi få dobbelt så sterk oppvarming som verdsgjennomsnittet – med ein temperaturauke på rundt 1,9 grader innan 2100 samanlikna med temperaturar i åra 1991 – 2020.

Meir ekstremvær globalt får følgjer for Noreg

I Middelhavsområdet er utsiktene prega av både aukande tørke og meir ekstrem nedbør. Dette får stor betydning for matproduksjonen internasjonalt – og dermed for Noreg, som importerer rundt 60 prosent av maten og fôret vi bruker. Når forholda endrar seg globalt, følgjer svingingar i prisar, kvalitet og tilgjenge på importert mat og til  innsatsvarer til eigen produksjon .

Rogaland kan stå sterkare – men ikkje utan sårbarheit

Her heime merkar vi klimaendringane gjennom tørkeperiodar, kuldeutbrot, flaum og meir ustabile vekstforhold.

Sjølv om varmare klima gir fleire produksjonsdagar og kan opne for meir grønsaksdyrking, kjem fordelane med ein bismak: det kan òg føre til fleire sjukdommar, nye skadedyr, ustabile forhold for pollinatorar og endringar i landskapet. Klimaendringane rammar både kvalitet, kvantitet og infrastrukturen som matproduksjonen kviler på.

Redusert klimapåverknad krev handling

Van Oort sa frå scena at  det krev ein målretta innsats på fleire nivå for å redusere klimapåverknadane. Utsleppa må ned globalt, nasjonalt og i alle sektorar, og dette inkluderer behovet for ein langsiktig og heilskapleg plan for jordbruket. For å stabilisere klimaet på sikt er det nødvendig at dei samla utsleppa beveger seg mot netto null. Samtidig må vi tilpasse oss dei klimaendringane som allereie ikkje er til å unngå på kort sikt, slik at samfunn og næringar kan handtere konsekvensane på ein trygg og berekraftig måte.

Kva gjer vi når dei kjende verktøya ikkje fungerer?

Van Oort utfordra forsamlinga med fleire spørsmål rundt verkemidla som blir diskutert i landbruket for tida:

  • Metanhemmarar har ikkje fungert som forventa, og testinga er stoppa. Kva skal me gjera i staden?
  • Kostråda fungerer berre om vi følger dei – og det gjer vi ikkje godt nok i dag.
  • Klimakalkulatoren er eit godt verktøy, men får den brei nok oppslutning?

Tid for å tenke annleis?

Skal vi sikre matforsyninga inn i framtida, må vi kanskje endre både korleis vi produserer mat og korleis vi tenker rundt matsikkerheit. For Rogaland, som er eit av landets viktigaste matfylke, er dette ein sentral del av samfunnsberedskapen. Klimaendringane kjem – men kor sårbare vi blir, er òg eit spørsmål om kor raskt og klokt vi klarer å tilpasse oss.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.