Inviterer til høgaktuell konferanse om mat og beredskap

Bygda Are på Bokn.
Bygda Are på Bokn. Foto: Arne J. Lyshol.

Konferansen "Mat til alle i ei uroleg verd" blir arrangert av Rogaland Landbrukspark SA den 1. september 2025 frå klokka 09.30 til 15.00 i Tysværtunet kulturhus,.

Publisert 05.08.2025

Konferansen tar for seg Rogaland si rolle som matprodusent i ei stadig meir uroleg verd.

Det vil bli diskutert beredskap, matsikkerheit og råvaretilgang. Både forsyningslinene, matprodusentane og distribusjonskanalane treng kunnskap og innsikt for å vera robuste og leveringsdyktige. Kva skal til for å gi dei det?

Konferansen er aktuell for landbruket og anna nærings- og samfunnsliv, kunnskapsinstitusjonar, finansinstitusjonar, offentleg tilsette, politikarar og andre interesserte.

Her kan du lese meir om programmet og påmeldinga. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.