Haugesund i bresjen for eit matkultursenter for barn og unge

Stadig færre unge har kjennskap til korleis maten blir produsert og til regionen sin matkultur. Alternative læringsarenaer er derfor viktige bidrag til den ordinære mat- og helseundervisninga i skolane.
Haugesund kommune har fått 300 000 kroner til eit forprosjektet som skal undersøke om det let seg gjere med ei etablering av Geitmyra matkultursenter for barn på Vibrandsøy. Det er Rogaland fylkeskommune som har tildelt midlane frå potten regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket.
Midlane kjem godt med
Haugesund kommune er svært glad for støtta til forprosjektet Geitmyra Matkultursenter på Vibrandsøy.
- Dette gir oss moglegheit til å undersøke korleis eit Geitmyra-konsept kan bidra til å styrke samspelet mellom landbruk, skole og folkehelse. Vibrandsøy har eit stort potensial som lærings- og opplevingsarena, og prosjektet vil kunne skape nye koplingar mellom lokale produsentar, barn og unge, og matkultur i regionen, seier Annette Sæther, prosjektleiar i Haugesund kommune.
Geitmyra – kva er det?
Geitmyra er ei ikkje-kommersiell stifting med eit klart mål om å lære barn og unge å bli glade i mat som gjer dei godt, samt at dei er eit nasjonalt kompetansesenter for matkultur. Gjennom skoleundervisning, kurs og arrangement gir dei barn og ungdom kunnskap om mat og matglede. Geitmyra vil ha behov for råvarer som grønsaker, frukt, bær, kjøt, meieriprodukt og sjømat. Dette gir nye marknadsmoglegheiter for bønder og produsentar i Rogaland.
Meir lokal mat
Regjeringa har set fokus på eigenberedskap og har mål om auke sjølvforsyninga av norskprodusert mat.
I private hagar dukkar det opp plantekassar og drivhus over ein låg sko. Det er bra, fordi kunnskap om korleis ein dyrkar potetar, grønsaker, frukt og bær er viktig for å auke sjølvforsyninga og styrke beredskapen. Og ikkje minst er det balsam for sjela å kunne rote i jorda, sjå at det gror, og til slutt hauste avlinga.
Men, ikkje alle har moglegheit til å dyrke sjølv.
Lære med å gjere
Fleire unge burde hatt ei mor eller far, eller besteforeldre som driv med dyrking i hagen, slik at dei får kjennskap til korleis maten blir til.
Skolane har dessverre avgrensa med moglegheiter for å kunne dyrke sjølv, og ofte skuldast det mangel på areal, folk, tid og pengar.
Nyleg var representantar frå Statsforvaltaren på besøk hos Geitmyra matkultursenter i Ringsaker. Dei tar i mot elevar i sjette trinn på grunnskolen på våren der kvar klasse er der i 4 dagar, og tilsvarande er niande trinn på hausten. På timeplanen stod mellom anna såing, stell, vatning, hausting og matlaging. Dei unge hadde eit vell av ulike sortar av frukt, bær, grønsaker og potetar å hauste av.
Her fekk dei lære om ernæring og ulike metodar for foredling, samt det å lage mat. Slik får barn og unge betre kjennskap til lokal matkultur og betydning av lokal matproduksjon. Og ikkje minst at dette bidrar til å auke rekrutteringa til matsektoren.
Vibrandsøy - eit levande og attraktivt område
- Det skjer mykje spennande utviklingsaktivitet på Vibrandsøy, seier Heidi Skifjell frå Rogaland fylkeskommune.
Fylkeskommunen jobbar saman med Haugesund kommune og fleire andre interessentar i å styrke utviklingsarbeidet som er igangsett. Riksantikvaren støtter utviklingsarbeidet med midlar. Eit eventuelt matkultursenter på Vibrandsøy vil støtte opp under satsinga. Både dette prosjektet og Rogaland ressurssenter sitt «Gardsgründer» støttar opp under matsatsinga på Haugalandet som omfattar ni kommunar.
I 2024 blei det gitt midlar til eit forprosjekt i Sandnes kommune som og undersøker om det er mogleg å etablere eit matkultursenter i sør-fylket.
Det er på høg tid at Rogaland får etablert eit matkultursenter retta mot barn og unge.