Fyller torget med freistande lokalmat
Rekordmange lokalmatprodusentar samlast, og i år blir det enklare enn nokon gong å finne smakane av Rogaland.
Om litt over ei veke går startskotet for Gladmatfestivalen – for 28. gong. I år inviterer arrangørane til ei skikkeleg smaksoppleving ved å samle den lokale maten på éin stad: torget.
Her vil det bugne av kortreiste freistingar, og stadig fleire kommunar ser verdien av å vise fram dei beste råvarene og tradisjonane sine. Hjelmeland Naturligvis har tidlegare gjort seg bemerka med ein fargerik og rikhaldig stand, full av kreative rettar og lokale spesialitetar.
Sola kommune deltok for første gong i fjor – og fekk tydeleg meirsmak. I år er dei tilbake med ein stand som er dobbelt så stor. Også Suldal er på plass, med «Matskattar frå Suldal», klare til å freiste både auge og gane.
Mangfaldet av lokalmat i Rogaland er imponerande. Her kan du la deg freiste av ferske bær, frisk og syrleg eplemost, sprø grønsaker, smakfullt kjøt og fisk, nybaka brød, heimelaga is – og mykje meir.
Dette er staden for å oppdage nye favorittar, møte produsentane og ikkje minst: smake på det beste regionen har å by på.
Ta turen til torget – og la deg freiste!