Full stopp i IBU-midlar – ber bønder vente med nye søknader

Mjølkekyr i nytt lausdriftsfjøs.
Mjølkekyr i nytt lausdriftsfjøs. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

Presset på investeringsmidlane i landbruket held fram, og ramma for 2026 er no brukt opp. Med mange søknader i kø og nye prioriteringar for 2027 på veg, rår landbrukspartnarskapet bønder til å avvente nye søknader til etter sommaren.  

Publisert 05.05.2026

Vi gjekk som godt kjent inn i dette i året med stor kø av søknader om støtte til investering. Allereie i september 2025 kunne vi opplyse at berre til mjølkefjøs er det kome inn søknadar til å kunne bruke opp heile den lokale ramma også for 2026, og det blei allereie då konkludert korleis vi måtte prioritere i 2026. I nettsak mars 2026 informerte vi m.a. om nasjonal ramme på 200 mill. kroner målretta for å imøtekome lausdriftskravet for 2026.

Mest til mjølkeprosjekt også i 2026

Innovasjon Norge (IN) presenterte samla bruk av investeringsmidlar i 2026 på møtet i partnarskapet 24. april. Det er løyvd om lag 145 mill. kroner til 35 mjølkeprosjekt, der Rogaland har fått tildelt over 80 mill. kroner frå den nasjonale potten. Samstundes kom det fram at det var 117 ubehandla søknadar pr. april 2026. Vi har sett på dette som eit teikn på at det er investeringsvilje i næringa, og at mobilisering har effekt. Samstundes gir det ei stor utfordring for IN som skal behandle eit slikt omfang av søknader, der om lag 80 søknadar vil få avslag. 15 mjølkeprosjekt er sett på vent til 2027.

Ikkje søk midlar før 1. september

Det var semje i partnarskapet om å annonsere at ingen nye treng søke midlar før 1. september 2026. Innan den tid er det avklart gjennom jordbruksoppgjeret kva som blir ramma for 2027, og partnarskapet har fått høve til å drøfte prioriteringar for 2027. Det var allereie i februar registrert inn langt fleire søknader innan prioriterte område som det ikkje er midlar til frå ramma for dette året, sjølv med godt bidrag frå nemnte nasjonale pott.

Sjå elles IN si nettside for meir informasjon om dei lokale prioriteringane.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.