Felles innsats for å sikre kompetanse i mat- og landbruksnæringa
Seinhausten 2025 gjekk 13 organisasjonar frå offentleg sektor, industri, rådgiving, utdanning, forsking og faglag saman om ei felles satsing på rekruttering og deltaking på Utdanningsmessa i Stavanger i januar 2026. Målet er å styrke og behalde jordbrukskompetansen i fylket. Messa retta seg mot elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande.
På standen «Velg mat» løfta vi fram ulike yrker, utdanningsvegar og landbruket si samfunnsrolle på ein engasjerande og ungdomsretta måte. Omlag 4000 elevar deltok på messa, og mange var innom standen vår. Vi gjorde oss nokre erfaringar med både storleik, plassering, aktivitetar, profil, bemanning med meir som vi tar med oss i den vidare planlegginga. Tilbakemeldingane frå aktørane er at dei ønsker eit langsiktig rekrutteringsarbeid, og at vi saman må vidareutvikle konseptet.
Vi har etablert kontakt med det nasjonale prosjektet Velg Mat (oppstart oktober 2025) for vidare samarbeid og felles måloppnåing.