Spørjeundersøking: Er du klar om vatn, straum eller diesel forsvinn?
Kor rusta er landbruket når krisa kjem? Det må vi få meir kunnskap om! Difor ber me deg som er bonde svare på spørjeundersøkinga om beredskap på eigen gard.
Kva skjer om vatnet stoppar, straumen går, dieselen tar slutt eller nettet fell ut? Vi treng å vite korleis bøndene står rusta til å halde hjula i gang, og har derfor sendt ut ei spørjeundersøking til bønder i Rogaland. Undersøkinga er retta mot produsentar av mjølk, fjørfe eller svin. Du som har ei eller fleire av desse produksjonane skal ha fått ein e-post med lenke til undersøkinga, og det tek berre 5-10 minutt å svare. Dine svar er heilt avgjerande for å få oversikt over korleis landbruket kan oppretthalde tilnærma normal drift når kritiske innsatsfaktorar fell bort.
Landbruket har ei nøkkelrolle i beredskapssamanheng og er heilt avgjerande for matforsyninga i samfunnet. Men i tilfelle krise er liv og helse styresmaktene si første prioritet. Bøndene må derfor klara seg sjølv og sikre eigen beredskap.
Målet med undersøkinga er å gjera deg som bonde meir medviten om eigen situasjon. Vi ønskjer òg å få eit betre bilete av kor sårbar matproduksjonen er, og kva tiltak som må gjerast for å styrkja beredskapen i landbruket.
Alle svar blir behandla anonymt og konfidensielt, og vi samlar ikkje inn personopplysningar som kan identifisere deg.
Svarfrist er 19.desember.