Studietur: foredling av kjøt og mjølk

Fylkesmannen arrangerer studietur til Hordaland 20.-22. oktober 2015. Vi skal besøke handplukka verksemder innan kjøt- og mjølkeforedling. Turen går med buss frå Stavanger, og vi kjem til å overnatte i Bergen og Voss.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2015

Målgruppa for turen er matprodusentar, kokkar og andre interesserte i lokal mat. Det er avgrensa tal plassar, og matprodusentar og serveringsstadar vil bli prioriterte.

Bli med og opplev Strilalam, Ostegården, Voss Gardsslakteri, Ost frå Tysnes, Husdyrparken, det vesle Osteriet, og ete god og tradisjonsrik mat på Bergsdalstunet, Smalahovetunet og Engevik gard. Heile programmet finn du her.

Ost

Deltakaravgift

Deltakaravgifta er kr 3.000,– for matprodusentar og serveringsstadar, og kr 6.500,- for tilsette i offentleg forvaltning og anna næringsverksemd.

Prisen er inkludert transport med buss og ferga t/r Stavanger, 2 overnattingar i enkeltrom og alle måltidar eksl. drikke. Lunsj dag 1 og middag dag 3 ombord på ferga, må kvar enkelt betale sjølv.

Påmelding

Elektronisk Påmelding innan 30.september. Påmeldinga er bindande. Faktura blir sendt ut i etterkant av turen. Dei som ikkje har tilgang til internett kan ta kontakt med Eli M. Serigstad på telefon 51 56 89 62, eller mobil 414 18 510. Vi tek atterhald om endringar i programmet. 

Avreisen går med buss frå Statens Hus i Stavanger, Lagårdsveien 44, tysdag 20. oktober kl. 08.30.

Vi vil vere tilbake i Stavanger torsdag 22. oktober kl. 18.30. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.