90 millionar i investeringsmidlar i landbruket for 2023

Marianne og Torstein Barkve frå Bjørheimsbygd heldt innlegg om si historie rundt nybygg av mjølkefjøs i tre. Foto: T. Barkve

Auke i midlane gir rom for å statse i større grad på unge bønder, dyrevelferdstiltak, distriktslandbruket, miljøtiltak med meir.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.12.2022

I kjølevatn av Landbrukspartnerskap sitt møte i 18. november om investeringsmidlane (IBU) blei nå prioriteringar for 2023 lagt fram på webinaret 7.desember.

Klar prioritering av nye mjølkefjøs

Anfinn Rosnes informerte innleiingsvis om status i næringa, og om spørjeundersøkinga frå Landbrukspartnarskapet. Det er auke på om lag 20 mill. i IBU-potten, og framleis klar prioritering av mjølkefjøs opp til 30 kyr. Samstundes vil auke i potten gjere det mogleg å  prioritere eit breiare spekter av investeringar. Meir om den regionale prioriteringa finn du på Innovasjon Norge si nettside, under Rogaland. Elles blei det peika på at det er viktig å sjå på tilretteleggingsmidlar forvalta av Rogaland fylkeskommune som verktøy for å promotere fram aktuelle investeringssaker.

Innovasjon Norge er klare for nye saker

Aart van Magnussen frå Innovasjon Norge informerte om dei regionale prioriteringane, og at dei er klare til å starte arbeidet med investeringssaker for 2023. Han stadfesta fokus på mjølkefjøs, men også at det kan bli meir midlar til andre prioriterte føremål neste år. Dette kan eksempelvis vere tilleggsnæringar innan mat og reiseliv. Elles blei det informert kort om andre støtteordningar med tilknyting til landbruk, m.a. om fornybar energi. Sjå vedlagte lysark frå møtet.

Rogaland fylkeskommune viktig rolle

Cato Lassen frå Rogaland fylkeskommune orienterte kort om kompetansemidlar (RK) og tilretteleggingsmidlar (RT), og om dei prioriteringar som gjeld for desse midla. Meir informasjon om dette finn du her.

God dialog viktig

Med mange spørsmål i møtet ble det ei god involvering frå deltakarane. Som i fjor er vi også i år tidleg ute med informasjon slik at bønder ikkje søkjer om støtte som uansett ikkje når fram i priroteringskøa. Samstundes er det viktig at vi mobiliserer for saker som har prioritet. Og her var innslaget frå Bjørheimsbygd viktig. Målet er at det skal vere konkurranse om IBU-midlane også i 2023.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.