15 sjukeheimar konkurrerer om den beste måltidsopplevinga

Sjukeheimane knivar om å lage den beste måltidsopplevinga for sine bebuarar. Den fagsterke juryen får no ei vanskeleg oppgåve med å velje ut kven som skal representere Rogaland i landsfinalen for Gylne Måltidsøyeblikk.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.10.2015

Den nasjonale konkurransen Gylne måltidsøyeblikk skal bidra til auka merksemd om kva som blir servert, korleis maten blir presentert samt gi matglede og matlyst. Målet er å redusere underernæring og gjere måltida til dagens høgdepunkt for brukarar og bebuarar på sjukeheimar og behandlingsinstitusjonar.

Dette er juryen i Rogaland

  • Anlaug Mesfin, kommunalsjef omsorg i Time kommune (juryleiar)
  • Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland
  • Kari Thu, leiar for rogalandsavdelinga i Nasjonalforeningen for folkehelse
  • Borghild Fiskå, journalist
  • Tommy Raanti, Gastronomisk Institutt

Vinnaren klar i oktober

No i byrjinga av oktober startar juryen arbeidet med å sortere og vurdere dei innsende bidraga (bilete og menyar) frå sjukeheimane. I siste halvdel av oktober får tre sjukeheimar besøk av representantar frå juryen. Fylkesvinnaren blir kåra i løpet av oktober, og dei får i premie ei innovativ måltidsoppleving på Måltidets Hus for representantar frå kjøkken- og pleiepersonalet. Det blir gode smakebitar frå Rogaland sitt matfat, forskinga si verd og lokale innovasjonar, samt erfaringsutveksling om framtidsretta måltidsløysningar for eldre i institusjon. Premien er eit samarbeid med NCE Culinology. Vinnaren får i tillegg eit diplom med statsråden si underskrift.

Måltidets Hus AS har tatt utfordringa gitt av Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune for å følgje opp Rogaland sin innsats i denne konkurransen.

Les også: Inviterer til konkurranse om mat til eldre

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.