Vellykka fagsamling for landbruksforvaltinga i Rogaland

Vi hadde ei vellykka samling på Jæren for landbruksforvaltinga i kommunane den 20. og 21. mai. Om vi skal nemne eit tema som var sentralt for samling må det bli beredskap.
Fagsamlinga er eit årleg arrangement som går på rundgang mellom dei ulike regionane, og blir gjennomført i samarbeid med dei aktuelle kommunane. Dette året var det Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Dag ein var fagdag på Jæren Hotell, dag to blei gruppa delt opp for deltaking på to dagsturar i felt. Det var over 70 deltakarar og nær alle kommunar var representerte.
Nettverk viktig
Ei årleg samling som dette er viktig for fagleg opplæring og oppdatering, og like viktig er det å bygge nettverk for alle dei som jobbar innan landbruksforvalting i Rogaland. Landbruksdirektør Monica Dahlmo opna samlinga med å be alle nytilsette i kommunane og ved Landbruksavdelinga om å presentere seg. Vår erfaring er at nytilsette, og også dei som har vore med lenger, her får godt høve til å bli kjende med dei som jobbar med tilsvarande oppgåver på kommunalt og regionalt nivå. I ei tid med utfordringar med rekruttering, og stadig nye krav til fagkompetanse, er det stor gevinst i eit godt regionalt nettverk.
Beredskap i fokus
Beredskap er eit tema som i aukande grad er tema i samfunnsdebatten, og i dette ligg målet om auka sjølvforsyning. Landbruket si rolle i beredskapen kjem tydeleg fram av ny Totalberedskapsmelding. Som eit ledd i arbeidet med eit berekraftig matsystem er statsforvaltar Bent Høie blitt leiar av eit oppnemnt Matsystemutval, med fokus på å sikre tilgang til nok og sunn mat. Rekruttering til landbruksnæringa er viktig av omsyn til sjølvforsyning og beredskap. Her fekk vi eit særs positivt bidrag frå Maria Dyngeland, leiar av Jæren Cowboy, som gav samlinga tro på rekruttering til landbruksnæringa.
Kritisk melding frå Innovasjon Norge
Olav Tegle frå Innovasjon Norge kunne fortelje om sjeldan stor pågang av investeringssaker, med heile 21 søknader om støtte til nye mjølkefjøs som det ikkje er midlar til. Det har nyleg vore møte i Landbrukspartnarskapet, der det blei drøfta kva vi kan gjere i ein slik ekstraordinær situasjon.
God læring av å vere på tur
Dag to var vi på tur på Jæren, og eit stykke inn i Gjesdal. Vi kunne stadfeste at vi har mange dyktige bønder som bidreg til sjølvforsyning, samstundes som vi fekk eit godt bilete av utfordringar både innan jord- og skogbruket. Vi må her gi skryt til arrangørkommunane for aktuelle besøk, god tilrettelegging og fin gaiding undervegs.
Tradisjonen går vidare
Det er semje om at tradisjonen med slik fagsamling må halde fram, og at dette er viktigare enn nokon gang. Vår vurdering er at gevinsten for kommunane er større enn kostnaden med å delta desse to dagane, det same gjeld for oss ved Landbruksavdelinga. Vi ser fram til samling på Haugalandet i 2026.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 -
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66