Velferdsløft for bonden og familien
Jordbruksoppgjeret 2026 ga fleire viktige forbetringar i velferdsordningane for bønder. Endringane skal gi auka tryggleik, betre likestilling og sterkare støtte til familiar i næringa.
Avtalepartane i Jordbruksoppgjeret 2026 blei 16. mai einige om ein avtale. For alt som ikkje er omtalt i sluttprotokollen, er det staten sitt tilbod som gjeld.
Inga avkorting ved fødsel og omsorg
Nåverande regelverk er slik at ulike ytingar ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking blir sett i samanheng og rekna mot kvarandre. Det kan føre til at tilskot til avløysing blir avkorta. Samordningsregelen blir no fjerna.
Dette betyr at:
- Tilskot til avløysing blir ikkje lenger redusert på grunn av annan inntekt eller ytingar frå NAV.
- Bønder som får barn kan motta ytingar frå NAV utan at dette påverkar støtta til å leige inn arbeidshjelp på garden.
Endringa gir særleg auka tryggleik for kvinnelege bønder, som nu kan få nødvendig avlasting utan å måtte stå i krevjande arbeid under svangerskap og i samband med fødsel.
I 2025 blei det i Rogaland behandla 707 søknader om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Av desse gjaldt 125 foreldrepermisjon eller svangerskapspermisjon.
Vidarefører auka satsar til avløysing
Dei auka satsane frå oppgjeret i fjor skal vidareførast for avløysing ved svangerskap og fødsel. Satsen er maks 3 050 kroner per dag og som gjeld frå 1. januar 2026.
Dette sikrar fortsett god dekning av kostnader til avløysing i viktige livsfasar.
Eigenmelding ved sjukdom hos barn
Det blir innført høve til å bruke eigenmeldingsdagar i samband med søknad om tilskot når barn er sjuke.
Dette gjer ordninga enklare å bruke og reduserer behovet for dokumentasjon i korte fråværsperioder.
Betre støtte ved langvarig sjukdom hos barn
Foreldre med barn som er kronisk sjuke eller har langvarig sjukdom, får betre ordningar. Det gjeld ved mottak av pleiepengar og/eller opplæringspengar frå NAV og tilskot kan gis i inntil 425 dagar over ein treårsperiode før barnet fyller 18 år. Ved graderte pleiepengar blir tilskotet tilsvarande gradert.
Dette gir familiar større økonomisk tryggleik i krevjande situasjonar.
Særlege prioriteringar i oppgjeret for 2026
Endringane i velferdsordningane byggjer opp under fleire viktige mål:
- Auka rekruttering av unge bønder
- Betre likestilling i landbruket, med styrka ordningar for kvinner
- Eit tydeleg løft i familie- og permisjonsrettane
- Forbedra støtte ved sjukdom hos barn