Utfordrande å vurdere vanleg jordbruksproduksjon av sau

Produksjonen skal ha næringsmessig preg og god argonomisk praksis for å ha rett til produksjons- og avløysartilskot.

Den 13. januar arrangerte Statsforvaltaren webinar for kommunane om vurdering av vanleg jordbruksproduksjon av sau. Interessa for temaet er høgt, fordi forvaltning av regelverket krevjande. 

Publisert 15.01.2026

Bakgrunnen for møtet er at fleire skrottar hos slakteria viser for låge slaktevekter. Det kan skuldast fleire årsaker, der dårleg velferd kan vere ei av desse. Landbruksdirektoratet viser til at fleire føretak med sau som ikkje leverer slakt til slakteri, mottek husdyrtilskot og avløysartilskot.

Forvaltning av regelverket er utfordrande grunna ulik praksis hos sauebøndene. Ulik praksis varierer mellom anna på grunn av sauerase, tilpassing til tilskotssystemet og krav frå varemottakarar som ynskjer større og tyngre slakt.  

Kva er god agronomisk praksis og næringsmessig preg?

Vi skiller gjerne mellom produksjonsresultata og dyrevelferdssaker. For at føretaket skal ha eit næringsmessig preg, må føretaket vise til slakteleveransar, sal av livdyr og sal av ull og skinn. Vi ser på reproduksjonsgrad, slaktevekter og tal slakt. Det blei vist produksjonsstatistikk frå sauekontrollen som viser snittverdiar for dei ulike rasane. Produksjonsresultata bør vurderast mot snittstal for rasen i produksjonen. Regelverk og utfyllande rettleiing kan du lese meir om her

Engasjement og diskusjon

Temaet og forvaltning av vanleg jordbruksproduksjon for sau ga diskusjonar og innspel. Det blei presentert saker behandla hos Landbruksdirektoratet som viser døme på vurderingar av vanleg jordbruksproduksjon. Sakene viser kompleksiteten ved vurdering av fleire parameter. Det er ikkje ein enkelt faktor som er avgjerande for om produksjonen ikkje oppfyller kravet til vanleg jordbruksproduksjon, men ei samla vurdering av faktorane.  

Vegen vidare

Næringa er klar over utfordringane knytt til dårleg praksis og svake produksjonsresultat hos enkelte produsentar. Vår oppmoding er klar: føretak med sau som ikkje har vanleg jordbruksproduksjon og god agronomisk praksis, har ikkje rett på produksjons- og avløysartilskot til sau. Vi skal støtte kommunane til å ta tak i desse vanskelege sakene, og gi kommunane faglege råd til vurderingane.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.