Høyringinnspel til temaplan for landbruk i Klepp

Storfe på beite
Kulturlandskap på Jæren Foto: Helene Medhus Skedsmo.

Klepp kommune har i disse dagar temaplan for landbruk på høyring. Statsforvaltaren meiner kommunen har gjort eit godt stykke arbeid og får fram kva landbruket bidreg med av positive funksjonar. Planen set lys på kva utfordringar det er innan landbrukssektoren opp i mot omsyn som naturverdiar, klima og miljø.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.05.2022

Planen er ein temaplan etter plan- og bygningslova. Han er send på høyring omtrent parallelt med at kommuneplanen er lagt ut på offentleg ettersyn. Det er fleire forslag til føresegner og andre plangrep, til dømes omsynssoner langs vassdrag, som blir føreslått i kommuneplanen sin arealdel som eit resultat av utfordringar som er omtala i landbruksplanen. Å få slikt inn i den juridisk bindande arealdelen er i tråd med våre anbefalingar, men Statsforvaltaren vil gje eigen uttale til sjølve kommuneplanen.

Planforslaget

Klepp kommune har gjort ei evaluering av nogjeldande temaplan for landbruk. Det er også laga eige fagnotat om klimarisiko i landbruket i Klepp, og dei kommunale retningslinene for SMIL- og NMSK-ordninga følgjer også landbruksplanen. Planen konsentrerer seg om 3 hovudtema, med fleire undertema:

  • Produksjon og ressursgrunnlag
  • Samfunn og kulturlandskap og
  • Natur og klima

Det følgjer ein handlingsplan for dei neste 4 åra. Det er planlagt for loggføring av aktivitetar og tiltak, og årleg revidering av handlingsplanen, noko som legg eit godt grunnlag for å bruka temaplanen aktivt, og som et prioriterings- og styringsverktøy innanfor sektoren.

Statsforvaltaren har gitt innspel til planen, og desse kan du lese i sin heilskap her.

Planen er eit godt dokument kommunen kan vere stolt av, som med nokre justeringar etter høyringa vil bli ennå betre.

 

Høyringsforslaget finn du på kommunen sin nettstad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.