Nei til konsesjon

Fylkesmannen har nekta konsesjon for erverv av ein landbrukseigedom i Gjesdal kommune fordi det vil vere ei driftsmessig betre løysing at eigedommen blir selt som tilleggsjord til nabobruk i drift. Landbruksdirektoratet tok ikkje klaga til følgje, og stadfesta Fylkesmannen sitt vedtak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.10.2014

Fylkesmannen fatta vedtak som førsteinstans i denne saka ettersom Gjesdal kommune betrakta seg som inhabil til å treffe konsesjonsvedtaket.

Fylkesmannen si vurdering var at eigedommen har avgrensa arealressursar som ligg spreidd på fleire teigar og det er få eller ingen bygningar som er eigna for busetting, landbruksdrift og produksjon. Sjølv om det kan vere grunnlag for sjølvstendig drift på eigedommen, vil det krevje omfattande investeringar i både bygningar og driftsapparat for å bygge bruket opp igjen. Det er etter Fylkesmannen sitt syn ei betre driftsmessig løysing at eigedommen blir selt som tilleggsjord til nabobruk i drift. Det er fleire naboeigedommar som er interesserte i å kjøpe eigedommen, og sal til desse vil gi ei betre driftsmessig løysing.

Søkjaren klaga på Fylkesmannen si avgjersle og Landbruksdirektoratet har no behandla klagen. Landbruksdirektoratet er eininge i Fylkesmannen sine vurderingar og har stadfesta Fylkesmannen sitt vedtak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.