IVAR får ikkje kjøpe landbrukseigedom i Bjerkreim kommune

Bjerkreim kommune har nekta IVAR konsesjon for erverv av ein landbrukseigedom fordi ervervet er vurdert å vere i strid med konsesjonslova. Fylkesmannen tek ikkje klagen til følgje og stadfestar Bjerkreim kommune sitt vedtak. Saka gjeld kjøp av ein landbrukseigedom på totalt 1309 dekar, der 153 dekar er jordbruksareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2013

IVAR ønskte å kjøpe landbrukseigedomen primært for å kunne gjennomføre tiltak for å sikre godt drikkevatn. Bjerkreim kommune avslo søknaden om konsesjon i sak 31/12 fordi ervervet er vurdert å vere i strid med konsesjonslova. IVAR påklaga vedtaket, der dei hevdar at formålet med kjøpet deira er i samsvar med konsesjonslova § 1.

Formålet med konsesjonslova er å regulere og kontrollere omsetnad av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om landbruket sine produksjonsareal og slike eigar- og bruksforhold som er mest gagnlege for samfunnet, jf. konsesjonslova § 1.

Fylkesmannen meinar at kommunen har gjort eit forsvarleg skjønn når dei meinar at ervervet er i strid med formålet i konsesjonslova, jf. § 1. Ervervet vil ikkje styrke grunnlaget for busetting. Vidare er ervervet ikkje i tråd med nasjonale mål i landbrukspolitikken ettersom landbrukseigedomar i størst mogleg grad bør eigas av fysiske personar som sjølv bur på og driv eigedomar, jf. Ot. Prp. nr. 79 (2002-2003). Etter vår vurdering ligg det heller ikkje føre tilstrekkeleg konkrete planar og godkjenningar for ny drikkevasskjelde som gir behov for å byggje planlagt reinsepark. Dersom IVAR meinar at det seinare kan bli nødvendig å etablere tiltak i området for å sikre vasskvaliteten, har selskapet andre moglegheiter enn å erverve landbrukseigedom.

Les vedtaksbrevet frå Fylkesmannen, sjå relatert dokument oppe til høgre på denne sida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.