Endringar i rundskriv om konsesjon og buplikt M-2/2009

Rundskrivet presiserer korleis konsesjonssaker som gjeld ”bebygd eiendom som er eller har vært brukt som helårsbolig” skal vurderast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.12.2012

Saker om konsesjonsplikt og buplikt etter konsesjonslova § 7 vil frå no av bli avgjort ved ei konkret vurdering av om eigedomen faktisk er i bruk eller har vore i bruk som heilårsbustad . Om nokon har vore registrert busett på eigedomen vil no berre vere eit moment i konsesjonsmyndigheitene sin heilskapsvurdering.

Når det gjeld omgrepet ”bebygd eiendom” i konsesjonslova § 5 andre ledd, er det presisert i rundskrivet at ein eigedom må sjåast på som ”ubebygd” dersom bygningen er ubrukeleg på grunn av alder eller forfall.

Bakgrunnen for oppdateringa av rundskrivet er mellom anna spørsmål frå Sivilombudsmannen knytt til kva innverknad bustadregistreringar har i saker om konsesjon og buplikt, og ein rettskraftig dom avsagt av Senja tingrett 11. juli 2012 knytt til omgrepet ”bebygd eiendom”.

Her finn du meir informasjon:

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.