Endringane i jordlova og odelslova er vedtatt

Fredag 14. juni blei begge lovendringane sanksjonert av Kongen i Statsråd. Endringane i jordlova trer i kraft 1. juli 2013. Endringane i odelslova trer i kraft 1. januar 2014.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2013

Endringane i jordlova inneber at utgangspunktet skal ikkje lenger vere eit forbod mot deling, men at delingssamtykke skal gis når frådelinga ikkje er i strid med viktige landbruksmessige omsyn. Lova legg opp til ein heilskapleg vurdering med utgangspunktet i målet om å ha ein tenleg og variert bruksstruktur.

Endringane i odelslova inneber at odelskretsen blir innskrenka slik at nieser og nevøar ikkje har odelsrett. Vidare blir tilgangen til å søkje odelsfrigjering oppheva for den som har kjøpt odelseigedom som tilleggsjord.

Lenkjer til meir informasjon på Landbruks- og matdepartementet sine nettsider:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.