Bruk av ledige driftsbyningar

Ledige driftsbygningar kan bli brukt til næringsverksemd så lenge det skjer på landbruket sine premissar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2013

Den siste tida har ein i media kunne lese om bruken av tomme driftsbygningar i Rogaland, og det har vore fokusert på avgrensingane i kva bygningane kan nyttast til. Utgangspunktet til Fylkesmannen er at driftsbygningar som ikkje blir brukt til ordinær landbruksproduksjon er ein ressurs som bør nyttast til anna verksemd der det ligg til rette for det. Det finst mange døme i Rogaland der driftsbygningar blir brukt til verksemder som til dømes lager, kontor og anna meir passiv næringsbruk. Det viktigaste når ein skal vurdere å gi bruksendring, er å sjå på om den nye bruken kan gi ulemper for landbruksdrifta. I område der landbruksproduksjon skal vere det primære, må anna næringsverksemd underordne seg dette.

I Regionalplan for Jæren som nyleg blei vedtatt av Fylkestinget er det sett opp retningslinjer for alternativ bruk av ledige driftsbygningar, både på landbrukseigedomar og på fråskilde tun. Retningslinjene seier mellom anna at driftsbygningar på landbrukseigedomar  som hovudregel ikkje skal nyttast til anna enn gardstilknytt næringsverksemd, og at det i driftsbygningar på frådelte tun normalt ikkje kan tillatast bruksendring til publikumsretta verksemd. Fylkesmannen meiner desse retningslinjene gir eit godt utgangspunkt for å legge til rette for bruk av ledige driftsbygningar, utan at det går utover landbruket. Vidare gir retningslinjene grunnlag for at kommunane på Jæren kan skape ein lik forvaltningspraksis på området.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.